Commodore 64

(Omdirigert frå C64)

Commodore 64 er ei heimedatamaskin som vart laga av Commodore Business Machines og kom ut i august 1982. Med omtrent 17 millionar datamaskiner seld, var ikkje dette berre den mest suksessfulle av datamaskinene som var produsert i løpet av 80-talet, men den er også, i følgje Guinness Book of Records, den mest selde datamaskina gjennom tidene.[1] Den hadde betre grafikk og lyd enn noka anna datamaskin frå den tida. Frå 1982 til Commodore gjekk konkurs i 1994 var Commodore 64 difor ei særs populær datamaskin, med meir enn 10 000 utgjevne programvarer, inkludert programmeringsverktøy, kontorverktøy og spel.

Commodore 64

ProdusentCommodore International
Typecomputermodell
ProsessorMOS Technology 6510
UtviklarCommodore International
Minne64 kibibyte, 20 kibibyte
Operativsystem (OS)Commodore BASIC V2
ForgjengarCommodore VIC-20
EtterfølgjarCommodore 128, Commodore 64C

Fakta om maskina endre

 
C64, originalutgåva
 
C64C
 
C64G

Commodore 64 vart lansert ved Consumer Electronics Show i januar 1982 og lansert hausten same året. Prisen i 1982 var 595 dollar,[1] om lag 6000 norske kroner. I 1987 var han 3000 NOK.

Tekniske eigenskapar:

Originalutstyr endre

Lagringsmedia:

  • Commodore 1530 (og kalla C2N) og Commodore 1531 - kassettspelar for datakassettar.
  • Commodore 1541 og 1541-II - 5 1/4" diskettstasjon.
  • Commodore 1581 - 3 1/2" diskettstasjon.

Anna:

  • Commodore 1350 og Commodore 1351 - datamus
  • Commodore 1701 og 1702 - monitor

Dessutan kom ei rekkje Matriseskrivarar og modem.
Det kom og ei rekkje tilbehøyr frå mange tredjeparts leverandørar. Ein av desse var Creative Micro Designs (CMD) som selde Commodore produkt heilt fram til 2001[2].

Utforming endre

Den opphavlege utforminga av Commodore 64 slik den såg ut i 1982, var beige med svarte tastar. Commodore 64 logoen var plassert øvst til venstre. Denne modellen vart ofte kalla brødboks og er særs ettertrakta blant samlarar. I 1986 kom Commodore 64C. Denne var funksjonsmessig lik forgjengaren, men var i utsjånad meir lik Commodore 128 modellen frå året føre. I staden for C64 logoen stod det Commodore C64 Personal Computer nede til høgre. Commodore 64G var endå ei fornying av utforminga av Commodore maskina. Denne var meir lik den originale utforminga igjen.

Variantar endre

 
SX-64 og Spelkonsollen C64GS

SX-64 endre

I 1984 lanserte Commodore den berbare utgåva SX-64. Denne hadde ein skjerm på 127 mm, samt ein innebygd Commodore 1541 diskettstasjon. SX64 selde ikkje meir enn 9000 eksemplar. Dette skyldast nok ulike grunnar som liten skjerm, stor vekt, marknadsføring, og konkurransen frå Compaq Portable og Osborne 1 som var raskare.

C64 GS endre

C64 Game System var ein konsollutgåve av Commodore 64 og var utan tastatur. Den nytta seg av spelekassettar som ein monterte oppå konsollen, i staden for bakpå slik som ein gjorde på Commodore 64. Ettersom dei fleste spelekassettar var avhengig av at ein nytta tastatur for å starte spelet var det mange spel som ikkje verka. C64 GS vart difor ein flopp.

Historie endre

MOS Technology, Inc. var eit selskap som var kjøpt opp av Commodore Business Machines for å lage elektroniske datakomponentar til moderselskapet. I 1981 hadde MOS Technology starta eit prosjekt for å lage lyd- og grafikkbrikker for ein nestegenerasjons spelkonsoll, etter at Atari på slutten av 70-talet, hadde hatt stor suksess med spelkonsollen Atari 2600. Jack Tramiel som var dåverande sjef for Commodore, var overtydd om at det i staden var betre å satse på ei ny datamaskin som kunne erstatte forgjengaren Commodore VIC-20. Tramiel ville ha ei maskin med 64 kilobyte med RAM, noko som var dobbelt så mykje som det som var vanleg på den tida. Det ville verte dyrt med så mykje minne, men Tramiel skjøna at prisen ville falle før maskina kom i sal.

Prototypen av Commodore 64 maskina vart lansert på Consumer Electronics Show-messa i Januar 1982. Prisen var sett til 595 amerikanske dollar, og i august same året vart maskina lagd ut for sal. Då C-64 maskina kom til Noreg kosta ho om lag 6000 kroner. I byrjinga av 1983, gjorde Commodore Business Machines si første prisjustering til om lag 4000 kroner. Så lenge C-64 maskina var tilgjengeleg i butikkhyllene, vart prisen justert ned heile 4 gonger. Dette skyldast nok ikkje dårleg prisfastsetjing frå Commodore, men heller det faktum at maskina overlevde eit heilt tiår i sal, til produksjonen stansa opp i 1992, like før Commodore Business Machines gjekk konkurs.

Hobbyprogrammering endre

 
Basic-program på C64
 
Nærbilete av tastaturet, med Commodore tasten synleg nede til venstre

Heimedatamaskiner som Commodore 64 skilde seg ut frå spelkonsollar ved tastaturet som desse maskinene var utstyrt med. Dermed kunne ein nytta desse maskinene også til andre ting enn berre spel. Commodore 64 var utstyrt med programmeringspråket Commodore BASIC V2, som starta opp når maskina vart slått på eller starta om. Med BASIC kunne ein lage lage eigne program som ein kunne lagre på kassett/diskett til seinare. Bakdelen med program skrivne i BASIC var at det jobba ganske tregt samanlikna med program skrivne i rein maskinkode. BASIC kunne heller ikkje bruke grafikk og lydeigenskapane til Commodore 64 effektivt, sjølv med bruk av PEEK- og POKE-kommandoar, dermed føretrekte dei fleste etter kvart å lære seg å programmere i Assembler.

Det fanst mange utviklingsprogram for C64, både frå Commodore sjølv og frå tredjepartsfirma. Det fanst kompilatorar for språk som BASIC, Programmeringspråket C, Pascal, og som nemnd assembler.

For brukarar som ikkje hadde noko kunnskap om programmering kunne ein likevel nytta såkalla «Construction Kit» for å lage spel. Det mest populære var Shoot’Em-Up Construction Kit, eller berre SEUCK. Andre program som gav liknande moglegheiter var t.d. Gary Kitchen’s Gamemaker og Arcade Game Construction Kit.

Piratkopiering av spel endre

Sidan Commodore 64-maskina nytta seg av kassettar (seinare vart også 5,25" diskettar mykje i bruk), var det enkelt for hobbyprogrammerarar å piratkopiere spel og spreia dei til vener og kjende, via vanlege opptakskassettar. Ein la ofte inn signaturen sin som ein kort programsnutt, såkalla intro, før sjølve spelet byrja. Etterkvart danna ein organiserte grupper, der somme av medlemmene i gruppa konsentrerte seg om piratkopiering av spel (såkalla cracking), medan andre fungerte som kontaktar som spreia (såkalla swapping) spela vidare. Det gjekk etterkvart sport i å bryte diverse kopieringsperrer som spelprodusentane etterkvart la inn for å hindre uautorisert bruk. Å vera den første som braut ein ny type kopisperre gav respekt innan crackingmiljøet. Denne konkurransen førte sjølvsagt også til sterk rivalisering mellom somme av gruppene. I introen før spelet skreiv crackaren som regel om kven gruppa syntest om og kven dei ikkje hadde noko til overs for.

Norske kjende grupper i crackingmiljøet var Razor 1911, Shadows, Thunderbolt Cracking Crew, Jazzcat, Stars, Newlook og Abnormal. Nokre medlem i gruppa Abnormal danna i 1989 gruppa Illusion saman med medlemmar frå Future. Illusion vart lagt ned i 1990 når mange av medlemmene starta gruppa ENIGMA saman med nokre tyskarar. Illusion gjennoppstod i 1992, men vart lagd ned for godt i 1993.

Demoprogrammering endre

 
Skjermskot frå demoen Unsound Minds - Follow the Sign III, frå den finske gruppa Byterapers, 1996

Ut frå det ulovlege crackingmiljøet, oppstod det eit anna miljø som dreiv med meir lovlege saker. I 1984 byrja einskilde crackarar å lage større program enn det introane var. Desse var ikkje kopla saman med spel slik som ein intro var, men meininga var i staden å demonstrere omverda kva kunnskapar ein hadde som programmerar. Ettersom slik demoprogrammering vart meir og meir populært vart dette eit eige undergrunnsmiljø, med mange band til crackingmiljøet, sjølv om det etterkvart vart danna grupper som berre laga slike demoar. Døme på norske grupper som berre konsentrerte seg om å lage demoar er Shape, også kjend som Shape Design (SHD), Panoramic Design, Hoaxers, Creators, Megastyle, The Shadows, Rawhead og The Troopers. Det er berre Shape og Creators som framleis vert rekna for å vera aktive i dette miljøet i dag.

Commodore 64 i moderne tid endre

Sjølv om ein skulle tru det motsette om ei maskin som er over 25 år gamal, er miljøet rundt C-64 framleis aktivt, om kanskje ikkje i same grad som før. Både hobbyprogrammerarar og vanlege brukarar samlast rundt ulike vevstader på internett for å dyrke miljøet vidare, akkurat som før.

Då Commodore produserte C-64 på 80 talet, rekna ein sjølvsagt ikkje med at levetida skulle halde over 20 år. Dei fleste maskinene har vist å likevel gjere det. Commodore 64 har blitt eit samlarobjekt for nostalgikarar som vil gjennoppleve det som ein eingong hadde. Ein kan og nytta ein emulator på pc-en for å køyre programvare og spel som elles ville ha gått tapt.

At Commodore 64 nærast vart eit ikon for sjølve 80 talet kan ein sjå i introduksjonsvideoen til spelet Grand Theft Auto: Vice City der ein Commodore 64 lastar inn eit spel frå Rockstar North, utviklaren av GTA serien. Rockstar bar eigentleg namnet DMA Design den gong.

Det vert faktisk framleis gjevne ut programvare, for det meste frå private aktørar som gjev ut spel som freeware eller public domain. Men det vert og laga nokre få kommersielle spel, blant anna frå det tyske firmaet Protovision som og sel C-64-tilpassa hardware.


C64 DTV endre

 
C64 DTV 2004/05

C64 DTV (Direct-to-TV) er ein styrepinne som kom ut i kom ut i USA i 2004 og til Europa året etter. Den kjem med 30 innbygde klassiske Commodore spel som kan spelast direkte på fjernsynet. C64 DTV nyttar 2 stk. AA-batteri. Den finst i fleire ulike variantar, både av di USA og Europa nyttar ulik fjernsynsstandard, men og av di første utgåva av den europeiske modellen var plaga med konstruksjonsfeil. C64 DTV er nær 100 % kompatibel med ein ekte C64. Det er mogleg modifisere kretskortet så ein kan kople til original diskettstasjon og eit PS/2 tastatur og spele andre spel laga for C64.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «The Commodore 64, that '80s computer icon, lives again». Henta 28. februar 2016. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juni 2007, henta 16. juni 2007 

Bakgrunnsstoff endre

Programvare endre

  • VICE – Emulerer C64 og dei fleste andre mikromaskinane frå Commodore, på ei rekkje plattformer (UNIX, BeOS, Windows,OS X mm.)
  • Lemon 64 – Populær side med mykje generell informasjon, spelanmeldingar og eit godt besøkt forum
  • GameBase 64 – C64 programmvare arkiv
  • C64HQ – Side med intervju med kjende personar og spelutviklarar, med meir
  • www.c64.ch – Stort arkiv over C64 demoer
  • C64.sk – C64 relaterte nyheiter om demo miljøet.
  • Project 64 – Brukarmanular

Musikk endre

Diverse endre

  • PROTOVISION - Creating the Future – Tyske entuisiastar som produserer spel og hardware for Commodore 64
  • Contiki – Contiki, Eit open-kjeldekode multitasking operativsystem for the C64 skrive av svensken Adam Dunkels