Commodore International

(Omdirigert frå Commodore Business Machines)

Commodore International, også kjend som Commodore Business Machines, var eit amerikansk føretak som vart starta av Jack Tramiel i 1954. Føretaket er mest kjent for å produsere ei rekkje heimedatamaskiner på 80 og byrjinga av 90 talet.

Commodore International


C64 er kanskje den mest kjente modellen fra Commodore Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
BransjeDataspelindustrien,[1] forbrukarelektronikk
Skipa10. oktober 1958
DotterselskapMOS Technology Inc[2]
Eigenandel iMOS Technology Inc
LandUSA
ProduktCommodore 64, Commodore VIC-20, Commodore 128, Commodore PET
StyreleiarIrving Gould (1966)

Historie endre

Commodore International byrja med å lage kontormøblar, skrivemaskinar og kalkulatorar, og i 1975 byrja underleverandøren deira, Texas Instruments å produsere sine eigne kalkulatorar og Commodore kunne ikkje konkurrere på pris. Året etter kjøpte Tramiel difor MOS Technology, ein annan produsent av mikrobrikker som då hadde økonomiske problem.

Etter å ha vorte overtalt av Chuck Peddle, mannen bak MOS 6502 mikroprosessoren, om at kalkulatorar ikkje tente seg lenger, og at heimedatamaskiner var den lønsame vegen å gå, lanserte Commodore modellen Commodore PET, ein innkapsla KIM-1 med skjerm og kassettspelar. PET gjorde det bra som undervisningsverktøy på skular, men ikkje like bra i heimen der grafikk og ljod var viktig. Commodore lanserte då Commodore Vic-20 i 1981 og marknadsførte maskina aggressivt, blant anna med Star Trek-skodespelaren William Shatner.

I 1982 kom Commodore 64 som vart veldig populær i Europa, men i England møtte Commodore motstand i britiske ZX Spectrum. I 1983 kutta Commodore prisane på Vic 20 og Commodore 64. Snart kom ein priskrig som involverte Commodore, Atari, Texas Instruments og nær sagt alle andre produsentar forutan Apple. Resultatet vart at TI trekte seg frå datamaskinmarknaden, Atari gjekk nær konkurs, noko som andre mindre føretak gjorde. Styret i Commodore fekk kalde føter og det byrja ein intern maktkamp som enda med at Jack Tramiel forlét Commodore, og seinare kjøpte opp Atari.

Frå no av fylgde tida utan Tramiel, Commodore lanserte Commodore 16 og Plus/4. To småbrør av Commodore 64 som ikkje selde så godt som storebror. Då hadde Commodore meir suksess med Commodore 128 som var kompatibel med Commodore 64, men dette slo tilbake på Commodore ettersom lite programvare vart laga for maskina då folk kunne køyre programvara i C64 modus istaden.

Då Commodore kjøpte opp føretaket Amiga Corporation i 1984, kom ei rekkje Commodore Amiga-modellar. Den første var Amiga 1000 i 1985. Commodore forsøkte seg òg på å lage personlege datamaskinar ei stund.

Konkurs endre

Commodore gjekk konkurs 29. april 1994, etter år med negativ omtale og dårleg sal. Merkevarane Amiga og Commodore vart seld til det tyske dataføretaket ESCOM som sjølv gjekk konkurs i 1996. Amigamerket vart så seld til Gateway, Inc som selde det vidare i 2000 til Amiga, Inc som har dei intellektuelle rettane i dag.

Då ESCOM gjekk konkurs vart Commodore-merket selt vidare til Tulip Computers. Inntil 2003 melde det nederlandske føretaket om at det ville lansere produkt relaterte til Commodore. Ved slutten av 2004 selde Tulip merkevaret Commodore til Yeahronimo Media Ventures, som skifta namn til Commodore International BV, som eig Commodore i dag.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. "Commodore Business Machines, Inc."; vitjingsdato: 31. august 2018.
  2. http://www.pcmuseum.ca/Brochures/WOCProgram.pdf; vitjingsdato: 16. september 2016.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Commodore International
  • Heimesida til Commodore International BV som eig merkevaret Commodore i dag