Chicago at Carnegie Hall
Chicago at Carnegie Hall Konsertalbum av Chicago | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. oktober 1971 | |
Innspelt | 5. til 10. april 1971 | |
Sjanger | Rock, jazzfusion[1] | |
Lengd | 1971: 2:48:33 2005: 3:43:59 | |
Selskap | Columbia | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Chicago III (1971) |
Chicago at Carnegie Hall | Chicago V (1972) |
Chicago at Carnegie Hall er det første konsertalbumet og det fjerde totalt av det amerikanske band Chicago. Det kom ut i 1971 som ein plateboks med fire LP-plater på Columbia Records. Det var òg ei stund til sals som to separate dobbeltplater. Det vart føreslått og lage ein kvadronisk miks av albumet, men det vart aldri gjort. Dette er det einaste av dei første ti utgjevingane til Chicago som ikkje kom ut i kvadrofonisk lyd.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Bakgrunn Endra
Medan dei var på turné for å marknadsføre Chicago III, spelte Chicago i Carnegie Hall i ei veke i april 1971 og alle konsertane vart festa til lydband. Produsenten James William Guercio meinte at dei fleste songane som vart spelt der, frå dei tre første albuma, i tillegg til den nye songen «A Song For Richard And His Friends», var gode nok til å gjevast ut, og sette saman ein plateboks på fire LP-plater.
Columbia var særs skeptisk til den store samlinga og gjekk berre med på å gje ut albumet mot at bandet fekk mindre igjen for salet av albumet (noko liknande skjedde med debutplata The Chicago Transit Authority i 1969). Chicago gav ut Chicago at Carnegie Hall i oktober det året, til blanda mottaking. Samlinga selde bra, og nådde tredjeplassen på albumlista i USA, men gjekk ikkje inn på lista i det heile i Storbritannia. Kritikarane meinte albumet var for langt - til og med stemminga av instrumenta var med. Bandet sjølv har vore delt kring tankane om albumet.
Trass i dårleg lydkvalitet vart Chicago at Carnegie Hall ein av dei mestseljande plateboksane av eit rockeband. Dei hadde rekorden fram til utgjevinga av Live/1975-85 ein plateboks med fem plater av Bruce Springsteen & the E Street Band i 1986.
Den originale plata kom med to store plakatar av bandet.
I 2005 vart Chicago at Carnegie Hall mastra på ny og gjeve ut på tre CDar av Rhino Records med mykje betre lydkvalitet. I tillegg inneheldt det ein bonusdisk med åtte spor med alternative opptak og songar som ikkje var på 1971-utgåva, i tillegg til nesten alle dei originale plakatane og innpakninga.
Innhald Endra
Volum ein Endra
Side ein Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «In the Country» | Terry Kath | 10:35 |
2. | «Fancy Colours» | Robert Lamm | 5:15 |
3. | «Does Anybody Really Know What Time It Is? (Free Form Intro)» | Robert Lamm | 6:20 |
4. | «Does Anybody Really Know What Time It Is?» | Robert Lamm | 3:47 |
Side to Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «South California Purples» | Robert Lamm | 15:35 |
6. | «Questions 67 and 68» | Robert Lamm | 5:36 |
Volum to Endra
Side tre Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Sing a Mean Tune Kid» | Robert Lamm | 12:54 |
8. | «Beginnings» | Robert Lamm | 6:27 |
Side fire Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «It Better End Soon» «1st Movement» «2nd Movement (Flute Solo)» «3rd Movement (Guitar Solo)» «4th Movement (Preach)» «5th Movement»» | Robert Lamm/Walter Parazaider/Terry Kath | 15:55 2:54 5:00 2:42 3:09 2:09 |
Volum tre Endra
Side fem Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Introduction» | Terry Kath | 7:10 |
11. | «Mother» | Robert Lamm | 8:21 |
12. | «Lowdown» | Peter Cetera/Danny Seraphine | 3:58 |
Side seks Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
13. | «Travel Suite: 1. Flight 602 )» | Robert Lamm | 3:31 |
14. | «Travel Suite: 2. Motorboat to Mars» | Danny Seraphine | 3:00 |
15. | «Travel Suite: 3. Free» | Robert Lamm | 5:15 |
16. | «Where Do We Go From Here» | Peter Cetera | 4:08 |
17. | «I Don't Want Your Money» | Terry Kath/Robert Lamm | 5:23 |
Volum fire Endra
Side sju Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
18. | «Happy Cause I'm Going Home )» | Robert Lamm | 7:56 |
19. | «Ballet for a Girl in Buchannon» «Make Me Smile» «So Much To Say, So Much to Give» «Anxiety's Moment» «West Virginia Fantasies» «Colour My World» «To Be Free» «Now More Than Ever»» | James Pankow | 15:25 3:31 1:00 1:09 1:31 3:26 1:22 3:26 |
Side åtte Endra
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
20. | «A Song for Richard and His Friends» | Robert Lamm | 6:58 |
21. | «25 or 6 to 4 )» | Robert Lamm | 6:35 |
22. | «I'm a Man» | Jimmy Miller/Steve Winwood | 8:51 |
Medverkande Endra
- Peter Cetera - bassgitar, solo- & korvokal
- Terry Kath - gitar, solo- & korvokal
- Robert Lamm - klaverinstrument, solo- & korvokal
- Lee Loughnane - trompet, perkusjon, korvokal, gitar («Flight 602», «Where Do We Go From Here?")[3]
- James Pankow - trombone, perkusjon, korvokal, blåsararrangement
- Walter Parazaider - treblåseinstrument, perkusjon, korvokal
- Danny Seraphine - trommer
Produksjon Endra
- Produsert av James William Guercio
- Lydteknikarar – Don Puluse, Bud Graham, Hank Altman, Aaron Baron og Larry Dahlstrom
- Innspelt i Carnegie Hall, New York, NY
- Miksa i Columbia Recording Studios i New York
- Kunstnarisk leiing – John Berg/Virginia Team
- Omslag – Fuding Cheng
- Fotografi – Allen Goldblatt og Fred Lombardi
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Chicago at Carnegie Hall» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] allmusic - At Carnegie Hall, Vol. 1-4
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r3845
- ↑ http://www.chicago-web.net/Chicagoboard1/ChicagoCarnegieTexte.html