Chicago V
Chicago V Studioalbum av Chicago | ||
Utgjeve | 10. juli 1972 | |
Innspelt | 20. til 29. september 1971 i Columbia 30th Street Studios i New York City | |
Sjanger | Rock, jazzrock | |
Lengd | 45:16 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Chicago at Carnegie Hall (1971) |
Chicago V | Chicago VI (1973) |
Singlar frå Chicago V | ||
|
Chicago V er det fjerde studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1972. Albumet er det første enkle albumet dei gav ut, etter at dei tre første albuma deira var doble og konsertalbumet som kom før bestod av fire plater i ein boks.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | -[2] |
Historie
endreEtter Chicago III i 1971 slutta gruppa å lage doble album med mange songar arrangerte i lange suitar. I staden gav dei ut meir konsise spor på eit enkelt album. V er òg det albumet som er mest dominert av Robert Lamm. Åtte av ti songar er skrivne av han aleine. Terry Kath skreiv og song det siste sporet på albumet, «Alma Mater», der han fekk vise seg fram på akustisk gitar. Sjølv om bassisten Peter Cetera ikkje medverka med nokre songar på albumet, song han solo på fleire og spelte bass, mellom anna med wah-wah-pedal på bassen på «While the City Sleeps». Dette var det siste albumet som ikkje hadde med songar frå Cetera medan han var i bandet. Songen «A Hit by Varèse» er ei hyllest til den fransk-amerikanske komponisten Edgard Varèse.
Albumet vart spelt inn like før Chicago at Carnegie Hall kom ut seint i 1971. Chicago V vart spelt inn på berre litt over ei veke, men vart halde attende til sommaren etter. Kort tid før albumet kom ut, vart singelen «Saturday In The Park» gjeven ut og vart den største hitten deira til då. Singelen nådde tredjeplassen i USA. Chicago V var kritikarrost og vart det største hitalbumet i 1972. Det var første gongen eit Chicago-album nådde toppen av albumlista i USA og det vart liggande på toppen i heile ni veker. I Storbritannia nådde albumet 24. plassen. Oppfølgjarsingelen «Dialogue (Part I & II)» (24. plass) vart òg ein hit i USA.
I 2002 vart Chicago V mastra på ny og gjeve ut av Rhino Records med tre bonusspor: ei øving av Lamm sin «A Song for Richard and His Friends», som vart framført første gongen i Carnegie Hall, ei tidleg øving av Kath sin «Mississippi Delta City Blues» (som seinare vart spelt inn på ny og gjeve ut på Chicago XI), og singelversjonen av «Dialogue».
Den 17. august 2011 gav Warner Japan ut albumet i ein hybrid stereo-fleirkanals Super Audio CD i Warner Premium Sound-serien.[3]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «A Hit by Varèse» | Lamm | Lamm | 4:56 |
2. | «All Is Well» | Lamm | Lamm | 3:52 |
3. | «Now That You've Gone» | Pankow | Kath | 5:01 |
4. | «Dialogue (Part I)» | Lamm | Kath, Cetera | 2:57 |
5. | «Dialogue (Part II)» | Lamm | Lamm, Kath, Cetera | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «While the City Sleeps» | Lamm | Lamm | 3:53 |
7. | «Saturday in the Park» | Lamm | Lamm, Cetera | 3:56 |
8. | «State of the Union» | Lamm | Cetera | 6:12 |
9. | «Goodbye» | Lamm | Cetera | 6:02 |
10. | «Alma Mater» | Kath | Kath | 3:56 |
Bonus spor (2002-utgåva)
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «A Song For Richard And His Friends» (studioversjon, utan vokal) | Lamm | 8:15 |
12. | «Mississippi Delta City Blues» (første innspeling) | Kath | 5:28 |
13. | «Dialogue (Part I & II)» (singelutgåve) | Lamm | 5:02 |
Medverkande
endre- Peter Cetera – bass, wah-wah-bass, solo- & korvokal
- Terry Kath – elektrisk & acoustic gitarar, solo- & korvokal
- Robert Lamm – piano, Hammondorgel, Fender Rhodes, Hohner Pianet, solo- & korvokal
- Lee Loughnane – trompet, flygelhorn, perkusjon, korvokal
- James Pankow – trombone, perkusjon, korvokal, blåsararrangement
- Walter Parazaider – saksofonar, fløyte, perkusjon, korvokal
- Danny Seraphine – trommer, congas, bjøller, perkusjon
Produksjon
endre- Produsert av James William Guercio
- Lydteknikar: Wayne Tarnowski
- Logodesign – Nick Fasciano
- Plateomslag – John Berg
- Fotografi – Jim Houghton and Earl Steinbicker
Lister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | Billboard Black Album | 33 |
1972 | Billboard Pop Album | 1 |
1972 | Billboard Jazz Album | 1 |
Single
År | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1972 | "Dialogue (Parts I & II)" | Billboard Pop Singles | 24 |
1972 | "Saturday in the Park" | Billboard Pop Singles | 3 |
Salstrofé
endreOrganisasjon | Nivå | Dato |
---|---|---|
RIAA – USA | Gull | 31. juli 1972 |
RIAA – USA | Platina | 21. november 1986 |
RIAA – USA | Dobbel platina | 21. november 1986 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chicago V» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2015.
- ↑ Planer, Lindsay. «Chicago V - Chicago : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Chicago: Chicago V : Music Reviews : Rolling Stone». RollingStone.com. 7. desember 1972. Arkivert frå originalen 23. januar 2010. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Warner Premium Sound 17. august 2011 releases» (på japansk). Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 17. oktober 2015.