I'm a Man av Spencer Davis Group
I'm a Man Singel av The Spencer Davis Group | ||
B-side |
«I Can't Get Enough of It» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1967 | |
Sjanger | Rock, bluesrock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Fontana TF785 (UK)
United Artists UA50144 (US) | |
Komponist | Jimmy Miller, Steve Winwood | |
Tekstforfattar | Jimmy Miller, Steve Winwood | |
Låtskrivar(ar) | Steve Winwood, Jimmy Miller | |
Produsent | Jimmy Miller | |
The Spencer Davis Group-kronologi | ||
«Gimme Some Lovin'» (1966) |
I'm a Man | «Time Seller» (1967)
|
I'm a Man Singel av Chicago Transit Authority frå albumet The Chicago Transit Authority | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1971 | |
Innspelt | 27.- 30. januar 1969 | |
Sjanger | hardrock, heavy metal, bluesrock | |
Lengd | 7:43 (album) 3:27 (singel) | |
Selskap | Columbia 4-45467 | |
Komponist | Jimmy Miller, Steve Winwood | |
Tekstforfattar | Jimmy Miller, Steve Winwood | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago Transit Authority-kronologi | ||
«Beginnings» / «Colour My World» (1971) |
I'm a Man | «Saturday in the Park» (1972)
|
«I'm a Man» er ein song skriven av Steve Winwood og plateprodusent Jimmy Miller for The Spencer Davis Group.
The Spencer Davis Group
endreDen originale innspelinga var ein rask, Hammondorgel-basert bluesrock som vart gjeven ut som singel av the Spencer Davis Group tidleg i 1967. Singelen nådde niandeplassen på UK Singles Chart[1] og tiandeplassen i USA (den amerikanske versjonen var noko forkorta).[2] Det var den siste hitsingelen til bandet før brørne Steve og Muff Winwood slutta for å følgje sin eigne karrierar.
«I'm a Man» vart med på albumet deira I'm a Man i 1967.
Chicago-versjonen
endreChicago Transit Authority (seinare kalla Chicago) spelte inn ein versjon av «I'm a Man» for debtualbumet deira The Chicago Transit Authority i 1969. Då populariteten til bandet auka, gav bandet ut «I'm a Man» som B-side til ei nyutgjeving av «Questions 67 and 68». Radiostasjonar spelte begge sidene og «I'm a Man» klatra til 49. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i 1971.[3]
Arrangementet til Chicago nyttar seg av eit lengre perkusjon- og trommeparti som strekkjer songen ut til sju minuttar og 40 sekund, og er basert på bluesrock-gitaren til Terry Kath, trommene til Danny Seraphine, bassen til Peter Cetera, Hammondorgelet til Robert Lamm og blåserekkja, som innimellom byter til perkusjonsinstrument som claves, kubjølle, maracas og tamburin. Kath, Cetera og Lamm syng eit vers kvar. Versjonen inneheld ein lengre trommesolo før det andre og tredje verset og refrenga, med ein trommerull so klimaks før ein gitarsolo avslutta songen på dramatisk vis. Konsertopptak av songen finst på Chicago at Carnegie Hall frå 1971 og Chicago Live in Japan. Santana brukte òg delar av denne songen på «Waiting» frå debutalbumet deira i 1969.
Medverkande
endre- Terry Kath - solovokal (første vers), korvokal (refreng), elektrisk gitarar
- Peter Cetera - solovokal (andre vers), korvokal (refreng), bass
- Robert Lamm - solovokal (tredje vers), korvokal (refreng), Hammondorgel, maracas(?)
- Danny Seraphine - trommer, maracas(?)
- Jimmy Pankow - kubjølle, trombone
- Lee Loughnane - claves, trompet
- Walt Parazaider - tamburin, tenorsaksofon
Andre versjonar
endreThe Serfs-album The Early Bird Cafe frå 1968 har ein perkusjonstung intro (før Chicago-versjonen) og Mike Finnigan på solovokal. Detta arrangementet glei over i Bo Diddley-songen med same namn.
Det progressive ungarske bandet Syrius spelte ofte songen på konsertane sine mellom 1970 og 1973.
Den tidlegare Chicago-trommisen Danny Seraphine starta bandet California Transit Authority (CTA), som spelte «I'm a Man» på konsertane sine i 2006.
Marzio Vincenzi frå Italia og Mauro Malavasi spelte i 1978 ein versjon av «I'm a Man» under namnet Macho i ein klassisk discostil.
Ein annan disco-aktig versjon vart gjeven ut av klaverspelaren Keith Emerson på filmmusikkalbumet for filmen Nighthawks. Nok ein discoversjon vart gjeven ut av Star City i 1978.
I 1987 miksa den italienske produsenten Gianfranco Bortolotti songen som ein maxisingel kalla «I'm a man/Yéké Yéké».
Tribe of Gypsies spelte «I'm a Man» på minialbumet Nothing Lasts Forever i 1997.
Ein remix av den originale songen finst på Gravy: Remixes & Rarities i 2007 gjeve ut av Acid Jazz Records.
Los Lonely Boys spelte inn ein versjon i 2008 på albumet Forgiven.
The Sub spelte inn ein versjon i 1970-åra på albumet Sub - In Concert.
Funkgruppa Capri gav ut ein versjon med blåsarar i 2008 på EPen «I'm A Man».
VW Polo-reklame
endreVolkswagen laga ein britisk fjernsynsreklame kalla «Dog» i 2008, der ein hund mimar til «I'm a Man». Versjonen ytta i reklamen var ein coverversjon av den unge britiske musikaren Charlie Winston. Reklamen vart teken av lufta etter fleire klagar frå RSPCA.[4][5]
I andre media
endreEin instrumental discoversjon av songen vert nytta i underhaldningsprogrammet The Price Is Right.
Songen vart nytta i ein episode av Mad Men kalla «Time Zones» i sesong 7.
Songen vert nytta i filmen Minions frå 2015.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I'm a Man (Spencer Davis Group song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://www.brumbeat.net/sdgroup.htm (the section on the Spencer Davis Group)
- The back of the 1967 album The Best of the Spencer Davis Group Featuring Stevie Winwood
- ↑ «Chart Stats - Spencer Davis Group - I'm A Man». Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «The Spencer Davis Group > Charts & Awards > Billboard Singlar». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ «Chicago > Charts & Awards > Billboard Singlar». Allmusic. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ O'Meara, Ryan (29. mars 2008). «RSCPA Complain About ‘Abused’ Dog in Volkswagen TV Advert - Let’s Get Our Priorities Right Shall We?». K9 Magazine. K9 Media Ltd. Arkivert frå originalen 20. september 2008. Henta 17. oktober 2015.
- ↑ Judd, Terri (25. juni 2008). «Kiss goodbye to your sales, Stonewall tells 'homophobic' Heinz after advert is pulled». The Independent. Independent News & Media. Henta 17. oktober 2015.