Tidlaus

planteart
(Omdirigert frå Colchicum autumnale)
Tidlaus
Tidlaus
Tidlaus
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Liljeordenen Liliales
Familie: Tidlausfamilien Colchicaceae
Slekt: Tidlausslekta Colchicum
Art: Tidlaus C. autumnale
Vitskapleg namn
Colchicum autumnale

Tidlaus eller hausttidlaus (Colchicum autumnale), òg kalla naken jomfru eller tidløysenorsk, er ei plante i tidlausslekta i tidlausfamilien.[1] I Noreg er tidlaus ein framandart som er innført som prydplante og som no er bufast og ofte naturalisert i skogkantar og på grasbakkar frå Østfold til Møre.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO).[3].

Tidlaus er ein giftig pryd- og plante som særleg er viktig for utvinning av kolkisin («colchicin») — eit viktig lækjemiddel for behandling av sjukdommar som urinsyregikt og familiær middelhavsfeber. Colchicum skil seg frå krokus ved at blomstrane har seks pollenberarar i motsetnad til dei tre pollenberarane åt krokusen. Arten har stundom blitt kalla «haustkrokus», men dette er no det normerte namnet på arten Crocus speciosus.

Skildring og vekst endre

Planten er fleirårig og veks frå ein oppsvulma del av stilken som kan minna om ein lauk. Blomane kjem om hausten, før blada, og dette har gjeve opphav til namnet naken jomfru. Det kjem ein eller to blomar frå kvar stilkrot. Dei minner om krokus, men har altså fleire pollenberarar og har alltid ei form for lilla, gjerne kvit inst i blomen. Dei tynne blada blir rundt 30 cm høge.

Naken jomfru kjem opphavleg frå Vest-Asia, men har spreidd seg til store delar av det eurasiske kontinentet på eiga hand, og er blitt flytta til Nord-Amerika og New Zealand av menneske. Han er både brukt som hageplante og veks vilt.

Gift og medisin endre

Ein kan bli forgifta av berre ei lita mengd tidlaus. Symptoma minner om arsenikkforgifting, med oppkast, ei brennande kjensle i munnen og halsen, diaré, magesmerter og nyresvikt. Deretter kan ein døy av lungesvikt. Det finst inga særskilt motgift, i staden kan ein behandla ein som er blitt forgifta ved å pumpa han

Dei gamle grekarane er dei første til å skildra haustkrokusen som ein giftplante, men bysantinske og arabiske lækjarar tok til å bruka han som medisin mot ulike former for gikt. I moderne medisin bruker ein innhaldsstoffet kolkisin mot familiær middelhavsfeber, urinsyregikt (tidlegare podagra) og fleire typar kreft. Planten blir òg brukt som homøopatisk medisin mot ei rekke lidingar.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Artsdatabanken: Tidlaus». Artsdatabanken. Henta 29. mars 2023. 
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 183. 
  3. «Fremmedartslista 2023: tidløs Colchicum autumnale L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 13. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff endre