Country Life

Country Life
Studioalbum av Roxy Music
Utgjeve 15. november 1974
Innspelt Juli og august 1974
Studio AIR Studios i London
Sjanger Kunstrock
Lengd 41:42
Selskap
Produsent
Roxy Music-kronologi
Stranded
(1973)
Country Life Siren
(1975)


Singlar frå Country Life
  1. «Out of the Blue»
    Utgjeve: August 1974[1]
  2. «All I Want Is You»
    Utgjeve: Oktober 1974[1]
  3. «The Thrill of It All»
    Utgjeve: November 1974[1]

Country Life er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i 1974 på Island Records. Det kom ut på Atco Records i USA.[1] Albumet vert av mange kritikarar rekna som det mest sofistikerte og konsistente albumet deira.

Country Life nådde tredjeplassen i Storbritannia. Det nådde òg 37. plassen i USA og var det første albumet deira på Topp 40 der. Albumet inneheld den fjerde hitsingelen deira, «All I Want Is You», som i lag med B-sida «Your Application's Failed» nådde 12. plassen på den britiske singellista. Ei forkorta utgåve av «The Thrill of It All», med same B-side, kom ut i USA.

Stil og temaEndra

Bandleiaren Bryan Ferry tok albumtittelen frå det britiske livsstilmagasinet med same namn.

Opningssongen «The Thrill of it All» er ein livleg rockesong som vidareutvikla stilen frå tidlegare Roxy Music-songar som «Virginia Plain» (1972) og «Do the Strand» (1973). Teksten siterer diktet «Resume» av Dorothy Parker: «You might as well live». Fiolinen til Eddie Jobson dominerte «Out of the Blue», som vart ein konsertfavoritt. Spesielle musikalske inspirasjonskjelder kjem til syne i dei tyske ompaband-passasjane i «Bitter-Sweet», smaken av det elizabethanske i «Triptych» og den muntre, boogie-blues, southern rock-aktige «If It Takes All Night».

«Three and Nine» har blitt samanlikna med snodige songar av Ray Davies, der Ferry på nostalgisk vis ser attende til ei tid då han gjekk på kino i ungdommen, då billetten kosta tre shillingar og ni pence.[2][3]

«Casanova» fekk god omtale av mange kritikarar som ein meir kynisk og hardrockande song, som skilde seg ut frå andre Roxy Music-songar. Som den tidlegare «In Every Dream Home a Heartache» (1973), vart han rekna som ein kritikk mot tomheita i jet set-livet på denne tida. Ein ny og rolegare versjon av denne songen kom ut på soloalbumet til Ferry i 1975, Let's Stick Together.

Den siste songen «Prairie Rose» var ein ode til Texas og stundom feilaktig tenkt som ein referanse til Jerry Hall, men Ferry møtte ikkje Hall før i 1975.[4]

OmslagetEndra

Biletet på plateomslaget vart teken av Eric Boman,[5] og består av to lettkledde modellar, Constanze Karoli (visstnok syster til Michael Karoli frå Can[6]) og Eveline Grunwald. Bryan Ferry møtte dei i Portugal og overtalte dei til å la seg avbilde for omslaget, samt hjelpe han med teksten til songen «Bitter-Sweet». Det står ikkje nemnt på omslaget at det er dei som er avbilda på omslaget, men dei er nemnde som forfattarar av den tyske omsetjinga dei gjorde.

Omslaget vart rekna som kontroversielt i somme land, som USA, Spania og Nederland, der det vart sensurert før det kom ut. Dei første utgåvene som kom ut i USA hadde eit ugjennomsiktig plastomslag, medan seinare utgåver frå 1975 til 1980 hadde eit anna bilete. I staden for Karoli og Grunwald føre nokre tre, var det på omslaget bilete av dei same trea, men utan jentene.[7] Forfattaren Michael Ochs har skildra resultatet som «den mest fullstendige tildekkinga i rockehistoria».[7]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
OverdoseA[9]
Pitchfork9.4/10[10]
Q     [11]
The Rolling Stone Album Guide     [12]
Spin Alternative Record Guide9/10[13]
The Village VoiceB+[14]

Jim Miller skreiv ei melding for Rolling Stone i 1975 at «Strander og Country Life i lag markerer høgdepunktet for moderne britisk kunstrock[15]

I 2003 vart Country Life rangert på 387. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det var eit av fire Roxy Music-album på lista (i lag med For Your Pleasure, Siren og Avalon).[16] På dei oppdaterte listene til Rolling Stone frå 2012 og 2020 var det derimot ikkje lenger med på denne lista.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Thrill of It All»6:24
2.«Three and Nine» (Ferry, Andy Mackay)4:04
3.«All I Want Is You»2:53
4.«Out of the Blue» (Ferry, Phil Manzanera)4:46
5.«If It Takes All Night»3:12
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Bitter-Sweet» (Ferry, Mackay)4:50
2.«Triptych»3:09
3.«Casanova»3:27
4.«A Really Good Time»3:45
5.«Prairie Rose» (Ferry, Manzanera)5:12

MedverkandeEndra

Roxy Music

SalslisterEndra

Liste (1974–75) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[17] 26
Austerrikske album (Ö3 Austria)[18] 10
Canada Top Albums/CDs (RPM)[19] 47
Tyske album (Offizielle Top 100)[20] 38
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 8
Norske album (VG-lista)[22] 15
Britiske album (OCC)[23] 3
US Billboard 200[24] 37

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[25] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 930. ISBN 1-84195-860-3. 
  2. «Roxy Music - Songs - on VivaRoxyMusic.com». www.vivaroxymusic.com. Henta 19. juli 2021. 
  3. «Roxy Music - Articles, Interviews and Reviews - on VivaRoxyMusic.com». www.vivaroxymusic.com. Henta 19. juli 2021. 
  4. Anderson, Kristin (1. juli 2015). «Eight Life Lessons From Jerry Hall's Cult-Favorite Memoir». Style.com. Arkivert frå originalen 3. juli 2015. Henta 18. juli 2021. 
  5. Törncrantz, Tintin (16. mai 2009). «An Everyday Story Of Country Folk». Colette. Arkivert frå originalen 10. oktober 2010. Henta 18. juli 2021. 
  6. Young, Rob; Schmidt, Irmin (2018). All Gates Open: The Story of Can. Faber and Faber. ISBN 9780571311491. OCLC 985082791. 
  7. 7,0 7,1 Ochs, Michael (2002). 1000 Record Covers. Taschen. ISBN 9783822819784. 
  8. Erlewine, Stephen Thomas. «Country Life – Roxy Music». AllMusic. Henta 18. juli 2021. 
  9. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Third Card». Overdose. Henta 18. juli 2021 – via tomhull.com. 
  10. Ewing, Tom (13. august 2012). «Roxy Music: Roxy Music: Roxy Music: The Complete Studio Recordings 1972–1982». Pitchfork. Henta 18. juli 2021. 
  11. «Roxy Music: Country Life». Q (156): 122–23. September 1999. 
  12. Sheffield, Rob (2004). «Roxy Music». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 705–06. ISBN 0-7432-0169-8. 
  13. Sheffield, Rob (1995). «Roxy Music». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 336–38. ISBN 0-679-75574-8. 
  14. Christgau, Robert (17. mars 1975). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 19. juli 2021. 
  15. Miller, Jim (27. februar 1975). «Country Life». Rolling Stone. Henta 18. juli 2021. 
  16. «500 Greatest Albums of All Time: Country Life – Roxy Music». Rolling Stone. 11. desember 2003. Arkivert frå originalen 20. desember 2010. Henta 17. juli 2021. 
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. "Roxy Music - Country Life" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  19. "Top RPM Albums: Nummer 3934a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 17. juli 2021.
  20. "Offiziellecharts.de – Roxy Music – Country Life" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 17. juli 2021.
  21. "Roxy Music – Country Life". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  22. "Roxy Music – Country Life". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 17. juli 2021.
  23. "19741124 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 17. juli 2021.
  24. "Roxy Music Album & Song Chart History" Billboard 200 for Roxy Music. Prometheus Global Media. Henta 17. juli 2021.
  25. «British album salstrofé – Roxy Music – Country Life». British Phonographic Industry. Henta 17. juli 2021.  Enter Country Life in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go