Hokkoar

fuglefamilie
(Omdirigert frå Cracidae)

Hokkoar er ein biologisk familie av hønsefuglar, Galliformes. Totalt er det klassifisert ca. 50 artar av hokkoar. Dette er store fuglar i tropisk og subtropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Ein art, kratthokko, har leveområde som grensar i nord til sørlegaste Texas. Trinidadhokko er endemisk for øya Trinidad og kritisk trua, medan llanoshokko lever på øya Tobago i tillegg til leveområdet på Llanos.

Hokkoar
Rustnakkehokko, Penelope pileata
Rustnakkehokko, Penelope pileata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Underorden: Theropodar Theropoda
Infraorden: Tetanurae
Familie: Hokkoar Cracidae
Rafinesque, 1815

Namnet

endre

engelsk språk har tre undergrupper i familien fått eigne namn som manglar samsvarande namn på norsk språk, det er ikkje ei taksonomisk inndeling:

  • 'Curassows' - Dei store, «eigentlege» hokkoar kallast på engelsk ofte berre 'curassows', namnet er avleidd frå namnet på øya Curacao. Slektene det gjelder er Nothocrax, Mitu, Pauxi og Crax.
  • 'Guans' - Slektene Penelope, Pipile, Aburria, Chamaepetes, Penelopina og Oreophasis kallast 'guans' på engelsk. 'Piping guans' er ei anna nemning for slekta Pipile.
  • 'Chachalacas' - Slekta Ortalis, namnet 'chachalacas' kjem av lydytringa hos fuglar innanfor denne slekta.

Skildring

endre
 
Jungelhokko, Penelope jacquacu
Foto: Patty Ho
 
Sothokko, Penelope obscura
Foto: Dario Sanches

Hokkoar er store fuglar, generelt har dei utsjånad som minnar om kalkunar. Med unnatak av slekta Ortalis, 'chachalacas', lever hokkoar i tre, medan dei mindre 'chachalacas' finst på meir opent land med krattvokstrar. Mange artar har ganske lang hale, det kan ha samband med livsform i trea. Generelt har dei einsfarga fjørdrakt, men somme artar har fargerike prydnader i ansiktet. Hokkoar varierer i storleik frå guyanahokko som er så liten som 38 cm og 350 gram til storhokko, på nesten 1 meter i kroppslengd og 4,3 kg i vekt. Hokkoar er spesielt vokaliske fuglar.[1]

Desse artane lever av frukt, insekt og ormar. Dei byggjer reir i tre, og legg to eller tre store kvite egg, som hoa rugar aleine. Ungane er langt utvikla ved klekking og er fødd med eit instinkt til straks å klatre i og å søkje skjul i treet der dei vart klekt. Dei er i stand til å flyge få dagar etter klekking.[1]

Artslista

endre

Hokkoar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Ortalis

  • Kratthokko, Ortalis vetula, Plain Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
  • Gråhovudhokko, Ortalis cinereiceps, Gray-headed Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)
  • Kastanjevenghokko, Ortalis garrula, Chestnut-winged Chachalaca, von Humboldt, 1805, (LC)
  • Llanoshokko, Ortalis ruficauda, Rufous-vented Chachalaca, Jardine, 1847, (LC)
  • Rusthovudhokko, Ortalis erythroptera, Rufous-headed Chachalaca, Sclater, PL & Salvin, 1870, (VU)
  • Sinaloahokko, Ortalis wagleri, Rufous-bellied Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)
  • Guerrerohokko, Ortalis poliocephala, West Mexican Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
  • Chacohokko, Ortalis canicollis, Chaco Chachalaca, Wagler, 1830, (LC)
  • Kvitbukhokko, Ortalis leucogastra, White-bellied Chachalaca, Gould, 1843, (LC)
  • Colombiahokko, Ortalis columbiana, Colombian Chachalaca, Hellmayr, 1906, (LC)
  • Buskhokko, Ortalis guttata, Speckled Chachalaca, von Spix, 1825, (LC)
  • Bahiahokko, Ortalis araucuan, East Brazilian Chachalaca, von Spix, 1825, (LC)
  • Skjelhokko, Ortalis squamata, Scaled Chachalaca, Lesson, R, 1829, (LC)
  • Guyanahokko, Ortalis motmot, Variable Chachalaca, Linné, 1766, (LC)
  • Bleikbrynhokko, Ortalis superciliaris, Buff-browed Chachalaca, Gray, GR, 1867, (LC)

Slekt Penelope

  • Sølvøyrehokko, Penelope argyrotis, Band-tailed Guan, Bonaparte, 1856, (LC)
  • Skjegghokko, Penelope barbata, Bearded Guan, Chapman, 1921, (VU)
  • Mørkhovudhokko, Penelope ortoni, Baudo Guan, Salvin, 1874, (EN)
  • Andeshokko, Penelope montagnii, Andean Guan, Bonaparte, 1856, (LC)
  • Marailhokko, Penelope marail, Marail Guan, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
  • Brasilhokko, Penelope superciliaris, Rusty-margined Guan, Temminck, 1815, (LC)
  • Raudbrillehokko, Penelope dabbenei, Red-faced Guan, Hellmayr & Conover, 1942, (LC)
  • Jungelhokko, Penelope jacquacu, Spix's Guan, von Spix, 1825, (LC)
  • Parykkhokko, Penelope purpurascens, Crested Guan, Wagler, 1830, (LC)
  • Caucahokko, Penelope perspicax, Cauca Guan, Bangs, 1911, (EN)
  • Kvitvenghokko, Penelope albipennis, White-winged Guan, Taczanowski, 1878, (CR)
  • Sothokko, Penelope obscura, Dusky-legged Guan, Temminck, 1815, (LC)
  • Rustnakkehokko, Penelope pileata, White-crested Guan, Wagler, 1830, (VU)
  • Sumphokko, Penelope ochrogaster, Chestnut-bellied Guan, Pelzeln, 1870, (VU)
  • Kvitbrynhokko, Penelope jacucaca, White-browed Guan, von Spix, 1825, (VU)

Slekt Pipile

  • Trinidadhokko, Pipile pipile, Trinidad Piping-Guan, Jacquin, 1784, (CR)
  • Blåstrupehokko, Pipile cumanensis, Blue-throated Piping-Guan, Jacquin, 1784, (LC)
  • Raudstrupehokko, Pipile cujubi, Red-throated Piping-Guan, Pelzeln, 1858, (LC)
  • Svartpannehokko, Pipile jacutinga, Black-fronted Piping-Guan, von Spix, 1825, (EN)

Slekt Aburria

  • Gulflikhokko, Aburria aburri, Wattled Guan, Lesson, R, 1828, (NT)

Slekt Chamaepetes

  • Svarthokko, Chamaepetes unicolor, Black Guan, Salvin, 1867, (NT)
  • Blåmaskehokko, Chamaepetes goudotii, Sickle-winged Guan, Lesson, R, 1828, (LC)

Slekt Penelopina

  • Smekkehokko, Penelopina nigra, Highland Guan, Fraser, 1852, (VU)

Slekt Oreophasis

  • Hornhokko, Oreophasis derbianus, Horned Guan, Gray, GR, 1844, (EN)

Slekt Nothocrax

  • Brunhokko, Nothocrax urumutum, Nocturnal Curassow, von Spix, 1825, (LC)

Slekt Mitu

  • Elvehokko, Mitu tomentosum, Crestless Curassow, von Spix, 1825, (NT)
  • Loretohokko, Mitu salvini, Salvin's Curassow, Reinhardt, 1879, (LC)
  • Kamnebbhokko, Mitu tuberosum, Razor-billed Curassow, von Spix, 1825, (LC)
  • Alagoashokko, Mitu mitu, Alagoas Curassow, Linné, 1766, (EW)

Slekt Pauxi

  • Nordhjelmhokko, Pauxi pauxi, Helmeted Curassow, Linné, 1766, (EN)
  • Sirahokko, Pauxi koepckeae, Sira Curassow, Weske & Terborgh, 1971, (CR)
  • Sørhjelmhokko, Pauxi unicornis, Horned Curassow, Bond & Meyer de Schauensee, 1939, (CR)

Slekt Crax

  • Storhokko, Crax rubra, Great Curassow, Linné, 1758, (VU)
  • Blåknopphokko, Crax alberti, Blue-billed Curassow, Fraser, 1852, (CR)
  • Gulknopphokko, Crax daubentoni, Yellow-knobbed Curassow, Gray, GR, 1867, (NT)
  • Trollhokko, Crax alector, Black Curassow, Linné, 1766, (VU)
  • Raudknopphokko, Crax globulosa, Wattled Curassow, von Spix, 1825, (EN)
  • Krøllhokko, Crax fasciolata, Bare-faced Curassow, von Spix, 1825, (VU)
  • Krushokko, Crax blumenbachii, Red-billed Curassow, von Spix, 1825, (EN)

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Rands, Michael R.W. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 89. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hokkoar