Colombiahokko

fugleart
Colombiahokko
Bilete frå Dapa, Valle del Cauca, ca. 1700 moh. Foto: Matthew Gable
Bilete frå Dapa, Valle del Cauca, ca. 1700 moh.
Foto: Matthew Gable
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Hokkoar Cracidae
Slekt: Ortalis
Art: Colombiahokko O. columbiana
Vitskapleg namn
Ortalis columbiana

Colombiahokko, Ortalis columbiana, er ein hokko i slekta Ortalis. Han er ein av dei mest karismatiske artar som er endemiske til Colombia, der han held til skogane i nordlege, sentrale og vestlege delar av det søramerikanske landet, alltid vest for Andes.

SkildringEndra

Colombiahokko vart skildra i 1906 av den austerrikske ornitologen Carl Edward Hellmayr. I ein tidlegare periode var han klassifisert som ein underart av buskhokko, Ortalis guttata, men i lys av ulikskapar i vokalisering, morfologiske skilnader og biogeografiske omsyn, har han no blitt anerkjent som sjølvstendig art, i Clementslista frå 2011.[1] Mellom anna er han langt større enn underartar av buskhokko og har andre fargetonar i fjørdrakta. Songen skil seg òg ved at Ortalis columbiana har ei 'forstaving' som buskhokko manglar: 'cha, chachalac'.

Kjenneteikn

Denne hokkoen måler i gjennomsnitt 55 cm i lengd. Fjørdrakta har eit fargemønster med overside i gråbrunt med oliven tone; undersida er lysare, undergump brunraud. Bryst og nakke har skjelmønster med lyse fjørkantar, med lågaste buk i kvitt. Halen er brun, men har raudt på undersida. Beina er rosa, nebbet har blåleg fargetone.[2]

Fjørdrakta skil seg monaleg frå buskhokkoen, som har større berr skinnflekk i andletet, litt meir avgrensa område med skjelmønster og meir utprega brunt på oversida. Buskhokkoen er dessutan mindre i kroppsstorleik.

Distribusjon og habitat

Colombiahokko er utbreidd på dei øvre skråningane av Cauca-dalen, nordlegaste utbreiing i sørlege Antioquia-departementet, og Magdalena-dalen frå Cundinamarca til Huila.

Dei attverande populasjonane er avgrensa til fragmenterte flekker av regnskog, skog og kratt i høgder mellom 100 og 2500 moh.[3] Han er standfugl.

Føde

Han lever hovudsakleg av frukt og frø, og bidrar til frøspreiing.

Reproduksjon

Hekkevanane er dårleg kjente. Ein trur hekkinga skjer i februar.[4] Dei byggjer reira sine på tregreiner, omgjeve av vegetasjon. Kullet kan vere på to egg.[5]

Vern

Frå 1800-talet har habitatet for denne arten gjennomgått omfattande avskoging til landbruk, avskoginga har vore nesten totalt etter 1950 i midtre og øvre Magdalena og Cauca. Arten kan observerast i Forest Reserve Yotoco, som er skildra som «rikelegs» utbreidd i verneområde Caucadalen. Han har vernestatus livskraftig (LC) hos IUCN.[3]

KjelderEndra

Referansar
  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), Updates & Corrections: August 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, ref til "Page 55, Speckled Chachalaca Ortalis guttata"
  2. <del Hoyo et al (2014)
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2013)
  4. Stattersfield, A. J., Crosby, M. J., Long, A. J. & Wege, D. C. (1998). Endemic bird areas of the world. Priorities for biodiversity conservation. Birdlife Conservation Series No 7. The Burlington Press (Cambridge). 846 p.
  5. Delgado, M. E. (2010) Guacharaca Colombiana (Ortalis columbiana); Wiki Aves Colombia. (R. Johnston, Editor). Universidad ICESI. Cali. Colombia.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Colombiahokko