Culpeo

pattedyrart

Culpeo (Lycalopex culpaeus) òg kjend som magellanrev,[1] er ein art av søramerikanske revar. Sjølv om namnet inkluderer «rev», er det ikkje ein ekte rev, men nærare i slekt med ulvar og sjakalar. Culpeoen har ei likskap med revar på grunn av konvergent evolusjon.

Culpeo
Culpeo
Culpeo
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av culpeo
Utbreiinga av culpeo
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Hundefamilien Canidae
Slekt: Lycalopex
Art: Culpeo L. culpaeus
Vitskapleg namn
Lycalopex culpaeus

Culpeoen er ein art innanfor slekta Lycalopex, som òg inkluderer fleire andre søramerikanske reveartar som pampasrev og sechurarev.

Skildring

endre

Culpeoen er ein mellomstor hund som i storleik ligg mellom ein raudrev og ein prærieulv. Det er det nest største medlemmet av denne familien i Sør-Amerika, etter mankeulven. Hannen veg i gjennomsnitt 11,4 kg, medan hoene veg om lag 8,4 kg. Lengda varierer frå 94 til 133 cm, inkludert halen som måler 32 til 44 cm.[2]

Culpeoen lever i eit stort område i vestlege Sør-Amerika, frå Ecuador og Peru i nord og sør til sentrale Chile, opp til tregrensa på 4800 moh. i Andesfjella. Dessutan over det meste av Patagoniasteppa[3]

Dietten til culpeoen består hovudsakleg av gnagarar, haredyr, fuglar og øgler, men dei kan òg ete planteføde og åtsel.[4] Culpeoen kan stundom gå laus på husdyr, som lam, og blir derfor ofte jakta på eller forgifta. Arten er òg kjend for å jakte på beverEldlandet.[5]

Paringstida for culpeoen er frå august til oktober. Hoa føder to til fem ungar etter ein drektigheitsperiode på 55–60 dagar.

Underartar

endre

Kjelder

endre
  1. Verdens dyr. [Oslo]: Cappelen. 1985. s. 68. ISBN 8202090970. 
  2. Burnie D and Wilson DE (Eds.) (2005), Animal: The Definitive Visual Guide to the World's Wildlife. DK Adult, ISBN 0789477645. p. 182
  3. Lucherini, M. (2016). «Lycalopex culpaeus». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T6929A85324366. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T6929A85324366.en. Henta 25. desember 2024. 
  4. Macdonald, David Whyte; Claudio Sillero-Zubiri (2004). The Biology and Conservation of Wild Canids. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-851555-5. 
  5. Tadich, Tamara A.; Novaro, Andrés J.; Kunzle, Pablo; Chacón, Mauricio; Barrientos, Miguel; Briceño, Cristóbal (3. november 2017). «Agonistic behavior between introduced beaver (Castor canadensis) and endemic culpeo fox (Pseudalopex culpaeus lycoides) in Tierra del Fuego Island and implications». Acta Ethologica (Portuguese Ethological Society (Springer)) 21 (1): 29–34. ISSN 0873-9749. doi:10.1007/s10211-017-0278-z. hdl:11336/95336. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Culpeo