Cupfinalen i fotball 1992/Menn
Cupfinalen i fotball 1992 var den 87. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 25. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 28 217 tilskodarar. Rosenborg Ballklubb vann kongepokalen for sjette gong, to år etter den forrige NM-triumfen. Seriemeisterlaget frå Trondheim sigra 3–2 over Lillestrøm Sportsklubb. Rune Pedersen frå Sprint-Jeløy dømde finalen.
Kampen
endreTore André Dahlum skåra på ein fabelaktig flott volley i det 29.minutt. Allereie to minutt seinare stod laga likt, etter Mons Ivar Mjelde vann ein duell og stanga eit innlegg frå høgre i Rosenborg sitt målbur. Gøran Sørloth gav i det 50. minutt RBK leiinga på ny, då han, med ryggen mot mål, tverrvende og skaut i mål frå ikring straffemerket. Atter ein gong syrgde Mjelde for balanse i stillinga, då han ti minutt seinare storma fram og frå få meter nikka eit innlegg frå venstre i mål. I plusstida av andre omgang mottok RBK-backen Stig Inge Bjørnebye eit kort hjørnespark på hjørnet av straffefeltet, drylte til ballen som fauk inn i motsett målhjørne, etter å han snerta ein Lillestrøm-forsvarar.
Laga
endreRosenborg sitt vinnarlag bestod av: Ola By Rise, Trond Henriksen, Rune Tangen, Bjørn Otto Bragstad, Stig Inge Bjørnebye, Kåre Ingebrigtsen, Øyvind Leonhardsen, Bent Skammelsrud, Karl Petter Løken, Gøran Sørloth og Tore André Dahlum. I det 61. minutt kom Øivind Husby på bana i staden for Henriksen.
Lillestrøm mønstra Frode Grodås, Dennis Schiller, Arne Erlandsen, Torgeir Bjarmann, Henning Berg, Jan Ove Pedersen, Tom Gulbrandsen, Kjetil Osvold, Tom Buer, Stuart McManus og Mons Ivar Mjelde. Dag Eidsvik fekk spele siste kvarteret, etter Berg steig av.