DS «Castor» (1875)

norsk dampskip

DS «Castor»
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Rugenwald»
Eigar: E. Hemptenmacher, Rugenwalde
Verft: Short Brothers i Sunderland
Verftsnummer: 69
Jomfrutur: 1875
Heimehamn: Rügenwalde
Kjennemerke: JVWB
Generelle mål
Tonnasje: 512 brt, 306 nrt
Lengd: 51,6 m
Breidd: 7,6 m
Djupgang: 4,3 m
Installert effekt : 70 nHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (T. Richardson & Sons, Hartlepool)
Karriere  Noreg
Namn: DS «Castor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 1887 for 36 500 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1905

DS «Castor» var eit dampskip bygd som «Rugenwalde» av Short Brothers i Sunderland og levert for E. Hemptenmacher i Rugenwalde i Tyskland i juli 1875.

Skipet vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab i 1887 for 36 500 kroner. Dette var det første eigentlege lasteskipet som vart kjøpt inn av Bergenske for ruta Kristiansund - Hamburg.

Skipet var det første av fem skip for Bergenske som var kalla opp etter stjerna Castor.

Historie endre

I 1892 fekk skipet ein ny kjel på 100 pund. «Castor» grunnstøytte ved Blyth i 1897. Ein 76-tommars kjøl og 22 plate vart erstatta og skipet vart sett i fart att. I 1901 fekk skipet ny donkeykjele frå DS «Finmarken».

17. mars 1905 forliste «Castor» på Listerrauna ved Farsund på reise mellom Bergen og Oslo med jernbaneskjener.

Sjå òg endre

For andre skip kalla «Castor», sjå Castor (fleirtyding)

Kjelder endre

  1. «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.