Dagfinn Grønoset
Dagfinn Grønoset (4. april 1920–28. januar 2008) var ein norsk forfattar og journalist, fødd i Trysil, busett i Elverum. Den største suksessen hans var boka Anna i ødemarka frå 1972, som danna skule for dokumentarbiografiar om gløymde kvardagsheltar i utkant-Noreg på 1970-talet.
Dagfinn Grønoset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. april 1920 Trysil kommune |
Død |
28. januar 2008 (87 år) |
Yrke | journalist, skribent, biograf, låtskrivar |
Språk | norsk |
Far | Daniel Grønoset |
Ektefelle | Rise Grønoset |
Dagfinn Grønoset på Commons |
Grønoset vart tilsett i Østlendingen i 1939. Frå 1952 hadde Grønoset omfattande skriveri og opptredenar i riksdekkande kanalar, hovudsakleg med kvardags-slitaren som artikkel- og intervjuobjekt. Grønoset fekk ei rekkje prisar for arbeidet sitt, og vart i 1989 heidra med Kongens fortenestmedalje i gull.
Han var gift med journalist og forfattar Rise Grønoset, og gjennom det svoger av den tidlegare danske utanriksministeren Uffe Ellemann-Jensen.
Prisar og utmerkingar
endre- Kongens fortenestmedalje i gull 1989
- Elverum kommune sin kulturpris
- Hedmark fylkeskommune sin kulturpris (1987)
- Trysil kommune sitt forfattarstipend
- Østerdalprisen
- Finnskogprisen
Bibliografi
endre- Vandring i villmark (1952, utvida utg. 1981), biografiar og reportasjar frå Femundsmarka. Om Oliver Sylen, Olava Femundshytta o.a.
- Finnskog og trollskap (1953), vart også populær film.
- Gull i sporet (1956), biografi om Hallgeir Brenden.
- Nitahå-jussi (1957), biografi om bygdeoriginalen Nitahå-Jussi frå Finnskogen.
- Med kong Olav mot nord (1959)
- Villmarksfolk (1959), illustrert av Kjell Aukrust.
- Langs bygdevegen (1960, saman med Vidar Sandbeck)
- I Vinjes fotspor (1960), reiseskildring gjennom Sollia og Folldal.
- Bella Capri (1961), frå øya Capri.
- Folk fra skogene (1970, 1984), ni forteljingar frå øydemarka.
- Anna i ødemarken (1972), den mestseljande boka hans, omsett til fjorten språk. Om unge Anna som hamnar som tenestejente på den veglause garden Haugsetvolden ved Isteren i Engerdal.
- Tater-Milla (1974), om dottera til den kjende tateren Stor-Johan.
- Barnet Gud gløymde (1979)
- Femundsmarka (1979, saman med Ragnar Frislid og Per Hohle)
- Gunnhild fra skogene (1982), biografi.
- Dalene i øst (1983), ny, utvida utgåve av I Vinjes fotspor.
- Furer i fedrelandet (1984), illustrert av Kjell Aukrust.
- Finnskogens folk (1985), ny, utvida utgåve av Finnskog og trollskap og Nitahå-Jussi.
- Kvinner på veg og vidde (1986)
- Villmark og vinløv (1988), illustrert av Kjell Aukrust.
- Det rotfaste folket (1990), illustrert av Kjell Aukrust.
- Hurra for livet (1991), refleksjonar, illustrert av Ulf Aas.
- Viser ved vegen (1994), illustrert av Bea Bekkelund