Evanger stasjon

Evanger stasjon ligg i Evanger i Voss herad i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal som stoppar på stasjonen. Frå 1894 til 1917 vart stasjonsnamnet skrive Ævanger.[1]

Evanger stasjon
Stasjonsområde
Stad Evanger, Voss (Vestland)
Koordinatar 60°38′49″N 6°6′33″EKoordinatar: 60°38′49″N 6°6′33″E
Distanse 403, 66 km. frå Oslo
Høgd 15,5 moh.
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Evanger stasjon

Evanger ligg mellom Seimsgrend haldeplass og Jørnevik haldeplass, 403, 66 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon og Bulken stasjonVossabanen.[2] Då Bergensbanen opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.

FotnotarEndra

  1. «Evanger». Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb. Henta 4. desember 2009. 
  2. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947. 

BakgrunnsstoffEndra