Opna hovudmenyen

Bulken stasjon

stasjon på Bergensbanen

Bulken stasjon ligg på Bulken i Voss kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal som stoppar på stasjonen. Frå 1894 til 1915 vart stasjonsnamnet skrive Bolken.[1]

Bulken stasjon
Bulken stasjon.jpeg
Bulken stasjon på slutten av 1800-talet. E16 går i dag på nedsida av stasjonen, medan Fv312 går oppom, og stasjonsbygningen vart riven i 1991.
Stasjonsområde
Stad Bulken
Koordinatar 60°37′50″N 6°17′5″EKoordinatar: 60°37′50″N 6°17′5″E
Distanse 392,55 km. frå Oslo
Opna 1883
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Overgang
Plassering
Bulken stasjon is located in Hordaland

Bulken ligg mellom Voss stasjon og Seimsgrend haldeplass, 392,55 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon og Evanger stasjonVossabanen.[2] Då Bergensbanen opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga. Stasjonsbygningen på Bulken vart riven i 1991.

FotnotarEndra

  1. ««Bulken» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb». Henta 3. desember 2009. 
  2. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947. 

BakgrunnsstoffEndra