Dan Armstrong

Dan Kent Armstrong (7. oktober 19348. juni 2004) var ein USA-amerikansk gitarist, gitarmakar og studiomusikar.

Dan Armstrong
Fødd7. oktober 1934(1934-10-07)
FødestadPittsburgh i Pennsylvania
Død8. juni 2004 (69 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnDan Kent Armstrong
OpphavUSA
Verka somStudiomusikar

Han flytta til New York tidleg i 1960-åra for å arbeide som studiomusikar og gitarreparatør. I 1965 opna han sin eigen gitarverkstad, Dan Armstrong's Guitar Service, på West 48th Street.[1]

I 1968 tilsette Ampeg Company i Linden i New Jersey Armstrong som konsulent for å utbetre gitarmerket deira kalla Grammer. Han designa ein ny gitar- og bass-serie som var laga av gjennomsiktig pleksiglas.[2]

Armstrong flytta til London tidleg i 1970-åra, der han utvikla ein ny serie elektriske instrument, forsterkarar og effektboksar. Instrumenta Dan Armstrong laga i London var laga av solid mahogni frå Honduras.

Liste over artistarEndra

Artistar som har brukt instrumenta til Armstrong:

KjelderEndra

  1. «The Man and his Guitars». Dan Armstrong. Arkivert frå originalen 2014-02-12. Henta 6. november 2020. 
  2. «Ampeg Dan Armstrong ADA6 | Guitar reviews». MusicRadar. Arkivert frå originalen 2014-09-10. Henta 6. november 2020. 
  3. VideoYouTube

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Dan Armstrong