Opna hovudmenyen

Daniel C. Tsui

amerikansk fysikar

Daniel C. Tsui (fødd 28. februar 1939 ) er ein kinesisk-amerikansk fysikar.

Daniel C. Tsui
崔琦
Daniel Chee Tsui.jpg
Fødd28. februar 1939 (80 år)
Henan i Kina
BustadNew Jersey i USA
NasjonalitetAmerikansk
OmrådeEksperimentell fysikk
Elektroteknikkfysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarPrinceton University
Bell Laboratories
Alma materUniversity of Chicago (PhD)
Augustana College (BSc)
Kjend forKvante Hall-effekten
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1998)
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Engineering
Phi Beta Kappa
Det kinesiske vitenskapsakademi
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Tsui mottok Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Horst Ludwig Störmer og Robert B. Laughlin, for oppdaginga deira av ei ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar..

Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladningen i elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der de utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturer. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ein slags kvantevæske, nærskyld dei kvantevæsker som oppstår ved superleding og i flytande helium.

Tsui tok doktorgrad i fysikk ved University of Chicago i 1967, og har vore professor ved Princeton University sidan 1982.

KjelderEndra