Svartkarakara

fugleart
(Omdirigert frå Daptrius)

Svartkarakara (Daptrius ater) er ein rovfuglart i falkefamilien Falconidae som lever i låglandet og gjerne langs elvar i Amazonas og Guyanaregionen. Den tysk-brasilianske ornitologen Helmut Sick nemnde denne arten som gavião-de-anta, som er dagens artsnamn på portugisisk, direkte omsett til «tapir-hauk» på norsk,[1] ein referanse til at han blir observert i å plukke flått av tapirar i Brasil. Han er skildra som ein opportunistisk, altetande rovfugl. Slektnamnet Daptrius er frå gresk δαπτης, «blodsugar». Artsepitetet ater er latinsk for svart.[2]

Svartkarakara
Svartkarakara
Svartkarakara
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av svartkarakara
Utbreiinga av svartkarakara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Slekt: Daptrius
Art: Svartkarakara D. ater
Vitskapleg namn
Daptrius ater

Slekta Daptrius blir oftast rekna som eit monotypisk takson i dag, og det er ikkje skildra underartar for svartkarakara.[3]

Skildring

endre

Svartkarakaraer har ei iriserande svart fjørdrakt bortsett frå det karakteristiske kvite bandet over halerota, og gule til oransjeraude føter og ansikt. Dei vaksne fuglane liknar slektningen raudstrupekarakaraen, men svartkarakara har utprega lange og smale venger og hale, og dessutan eit svart nebb. I tillegg kan raudstrupekarakara skiljast frå svartkarakara ved raud berr hud i strupeområdet. Gjennomsnittleg kroppslengd er 41–47 cm. Hoa av svartkarakara veg i gjennomsnitt 350–440 gram og er vanlegvis større enn hannane som har ei gjennomsnittsvekt på rundt 330 g.[2] Ungfuglar kan kjennast ved mattare svart i fjørdrakta, meir bleikgult i ansikt og spreidde få brungule flekker og eller tverrstriper på undersida.[4]

 
Svartkarakara i flukt i Pantanal, Brasil

Habitat og utbreiing

endre

Svartkarakara er utbreidd ved vatn i subtropisk eller tropisk fuktig låglandsskog over Amazonas i nordlege Bolivia, Peru, Ecuador og Colombia aust for Andes, nordlege Brasil, samt over Guyanaregionen. Vanlege habitat inkluderer også galleriskog og skogkledde savannar. Svartkarakara kan også finnast i mangrovar og menneskepåverka skogkledde habitat langs vatn. Han er vanleg frå havnivå opp til 600 moh., somme stader opp mot 900 m.

Levevis og åtferd

endre

Svartkarakaraen sest oftast i par eller familiegrupper av 3-5 fuglar, men kan også sjåast åleine eller i flokkar på 7-8 individ. Dei kan flyge i rette strekk med taktfaste vengeslag, også høgt over trekronene, glide korte strekk, spasere på sandbankane langs elvar eller sitte oppe i tre og kan flyge langs elvar.[5] Andre vanlege observasjonar har kjent assosiert dei med tapir og flodsvin, ettersom dei har vorte observerte med å reinse ektoparasittar og insekt frå pelsen til dyra. Denne interaksjonen kan vurderast som gjensidig, då tapirar ofte vil «be om» svartkarakaraer, ved å sende ut eit rop; tapirane låg deretter stille på bakken for å tiltrekkje seg karakaraene for fjerning av insekt og flått.[6][2]

Denne karakaraen er kjent for å ete nesten alt, frå åtsel til levande byttedyr; derfor blir skildra dei best som eit opportunistisk altetande rovdyr. Kosthaldet kan bestå av fugleungar, småfuglar, små pattedyr, froskar, øgler, slangar, talrike virvellause dyr, småfisk, palmenøtter og mange variantar av frukt.[2]

Saman med andre amerikanske rovfuglar, spesielt kondorar, gagnar svartkarakaraen det større miljøet ved å konsumere åtsel.[treng kjelde]

Fiskedugleik

Svartkarakaraer nyttar seg av eksponerte steinar og framveksande vegetasjon i og langs elvar og bekkar, og går sakte på desse overflatene medan dei speidar i vatnet etter småfisk, slik som artar av karpelaks. Slike stader kan ha vassstraumar der vandrande fisk blir tvinga gjennom ein flaskehals. Når byttet er oppdaga, blir fisken fanga anten med nebbet eller klørne og deretter frakta bort frå elva for bli eten.[7]

Vokalisering

endre

Denne arten kan også identifiserast frå andre artar ved deira harde, gjennomtrengjande «kraaaa»-kall som vanlegvis ytrast i flukt. Desse ropa blir vanlegvis gjenteken fleire gonger, og endar ofte i eit decrescendo.

Kjelder

endre
  1. Bull, Wilson (1996-03). «Ungulate ectoparasite removal by Black Caracaras and Pale-winged Trumpeters in Amazonian forests» (PDF). The Wilson Bulletin 108 (1): 170–175. Henta 23. juni 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Bierregaard, R. O., G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). «Black Caracara (Daptrius ater)», version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blacar1.01
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (1. juni 2024). «Seriemas, falcons». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 1. juni 2024. 
  4. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  5. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 249-250. ISBN 0713664185. 
  6. Peres, Carlos A (1996). «Ungulate ectoparasite removal by Black Caracaras and Pale-winged Trumpeters in Amazonian forests». The Wilson Bulletin (JSTOR) 108: 170––175. 
  7. Olmos, F (14. april 2009). «Fishing behaviour by Black Caracaras (Daptrius ater) in the Amazon». Biota Neotropica 9 (3): 399–401. doi:10.1590/s1676-06032009000300035. Henta 23. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Svartkarakara