Dazu ist erschienen der Sohn Gottes
Dazu ist erschienen der Sohn Gottes, BWV 40, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 40 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 26. desember 1723 26. desember 1723 | ||
Publiseringsdato | 1857 | ||
Typisk lengd | 15:45 | ||
Satsar/akter | 8 |
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for andre juledag, den 26. desember. Verket vart spelt første gong denne dagen, og ein gong seinare i levetida til Bach, anten i 1746 eller 1747.
Fleire har medverka til teksten.[1][2]:
- Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 8, som tekst til første sats
- Kaspar Füger sitt dikt for tredje sats (vers 3 av Wir Christenleut, 1592)
- Paul Gerhardt sitt dikt for sjette sats (vers 2 av Schwing dich auf zu deinem Gott, 1648)
- Christian Keymann for den siste koralen (frå Freuet euch, ihr Christen alle, 1646)
- resten er skriven av ein anonym diktar (W. Blankenburg[3] foreslår anten Christian Weiss, Sr. eller Bach sjølv).
Koraltemaet for tredje sats er Wir Christenleut hab'n jetzund Freud (Zahn 2072)[4], av ukjend opphav. Koraltemaet for sjette sats er Schwing dich auf zu deinem Gott (Zahn 4870)[5], òg av ukjend opphav.
Koraltemaet for åttande 8 er Freuet euch, ihr Christen alle (Zahn 7880a)[5] av Andreas Hammerschmidt, som publiserte han i Vierter Theill Musicalischer Andachten (1646) i Freiberg.
Bach nytta den første satsen av denne kantaten for fugen Cum Sancto Spiritu i hans Missa Brevis i F-dur frå 1738.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for valthorn I/II, oboar I/II, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar:
- (Koral): «Dazu ist erschienen der Sohn Gottes» for kor og orkester tutti.
- Resitativ: «Das Wort ward Fleisch und wohnet in der Welt» for tenor og continuo.
- Koral: «Die Sünd macht Leid» for kor og orkester tutti colle parti.
- Arie: «Höllische Schlange, wird dir nicht bange?» for bass, oboar, strykarar og continuo.
- Resitativ: «Die Schlange, so im Paradies» for alt, strykarar og continuo.
- Koral: «Schüttle deinen Kopf und sprich» for kor og orkester tutti colle parti.
- Resitativ: «Christenkinder, freuet euch!» for tenor, corni, oboar og continuo.
- Koral: «Jesu, nimm dich deiner Glieder» for kor og orkester tutti colle parti.
Tekst
endre
1. (Koral) |
2. Resitativ (tenor) |
3. Koral |
4. Arie (bass) |
5. Resitativ (alt) |
6. Koral |
7. Arie (tenor)
|
8. Koral |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dazu ist erschienen der Sohn Gottes, BWV 40» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 40[daud lenkje], Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Tekst og orchestration for BWV 40[daud lenkje], Bach-kantater, University of Alberta.
- Alfred Dürr: Johann Sebastian Bach: Die Kantaten. Bärenreiter, Kassel 1999, ISBN 3-7618-1476-3
- Alfred Dürr: The Kantates of J.S. Bach, Oxford University Press, 2006. ISBN 0-19-929776-2
- Werner Neumann: Handbuch der Kantaten J.S.Bachs, 1947, 5th Ed. 1984, ISBN 3-7651-0054-4
- Hans-Joachim Schulze: Die Bach-Kantaten: Einführungen zu sämtlichen Kantaten Johann Sebastian Bachs. Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt; Stuttgart: Carus-Verlag 2006 (Edition Bach-Archiv Leipzig) ISBN 3-374-02390-8 (Evang. Verl.-Anst.), ISBN 3-89948-073-2 (Carus-Verl.)
- Christoph Wolff/Ton Koopman (Eds.): Die Welt der Bach-Kantaten, Metzler/Bärenreiter, Stuttgart und Kassel, 3 Bände Sonderausgabe 2006 ISBN 3-476-02127-0
- Luigi Ferdinando Tagliavini. Studi sui testi delle Kantate sacre di J. S. Bach. Università di Padova, pubblicazioni della Facoltà di Lettere e Filosofia, vol. XXXI, Padova & Kassel, 1956, xv-291.
- Geoffrey Turner. Song The Word: The Kantates of J S Bach. New Blackfriars, volume 87, issue 1008, pages 144-154.
- J. C. J. Day. The teksts of Bach's Church kantates: some observations. German Life og Letters, volume 13 (1960), num. 2, pages 137-144.
- Harald Streck. Die Verskunst in den poetischen Teksten zu den Kantaten J. S. Bachs. Dissertation: Universität Hamburg 1971, 214 pages.
- ↑ Christoph Wolff (Eds.): Die Welt der Bach-Kantaten, Metzler/Bärenreiter, Stuttgart und Kassel, 3 Bände Sonderausgabe 2006 ISBN 3-476-02127-0
- ↑ C. S. Terry og D. Litti, Bach's Kantate Libretti, Journal of the Royal Musical Association 1917 44(1):71-125; doi:10.1093/jrma/44.1.71
- ↑ W. Blankenburg, Johann Sebastian Bach. Wege der Forschung. Darmstadt, 1970.
- ↑ Die Melodien der deutschen evangelischen Kirchenlieder, aus den Quellen geschöpft und mitgeteilt von Johannes Zahn (6 volumes), Verlag Bertelsmann, Gütersloh (1889–93). Hildesheim, New York: Georg Olms Verlagsbuchhandlung, 1998. 6 volumes. ISBN 3-48709-319-7
- ↑ 5,0 5,1 Die Melodien der deutschen evangelischen Kirchenlieder, cit.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 40 på bach-cantatas.com
- Kommentarar om verket på bach-cantatas.com