Dei austlege Ghatfjella

Dei austlege Ghatfjella (eng. Eastern Ghats) er ei avbroten fjellkjede som ligg langs den austlege kysten av India. Fjellkjeda går nord-sør langs austsida av Deccanplatået, frå Vest-Bengal i nord, gjennom Orissa og Andhra Pradesh til Tamil Nadu i sør. Dei fire store elvane Godavari, Mahanadi, Krishna og Kaveri har skore seg gjennom fjella. Mellom fjella og Bengalbukta ligg dei sørindiske kystslettene.

Dei austlege Ghatfjella og kystvegen ved Visakhapatnam i Andhra Pradesh.

Klimaet i dei høgare fjella er som regel kaldare og fuktigare enn i slettene rundt, og ein finn skog og kaffiplantasjar her.

Den andre største populasjonen av ville elefantar lever i sørdelen av desse fjella og Dei vestlege Ghatfjella. Dei kan bevega seg mellom fjellkjedene gjennom ein økologisk korridor via Bilgiriåsane.

Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei vestlege Ghatfjella, ligg vest i India.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dei austlege Ghatfjella
  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.