Sandviksfjellet i Bergen

Sandviksfjellet på 392 moh. er eit av dei sju fjella kring Bergen og ligg nordaust for sentrum. På Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er dette det siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyfjellet og Rundemanen.

Sandviksfjellet
fjell
Sandviksfjellet i Bergen sett fra Sandviksbatteriet.jpg
Sandviksfjellet sett frå Sandviksbatteriet.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Bergen (Vestland)
Fjellkjede Dei sju fjella
Høgd 392 moh.
Map
Sandviksfjellet i Bergen
60°25′ N 5°20′ E
Sandvikspilen og utsyn frå Sandviksfjellet.

Stien opp til toppen er kalla Stoltzekleiven etter Gerhard Stoltz (1833-1907), som var eigar av Frydenlund og let plante til fjellsida i 1873.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.