7-fjellsturen er ein fjelltur i Bergen som har vorte arrangert årleg sidan 1948. Arrangøren er Bergen og Hordaland Turlag.

Klipping av deltakarkort på Sandviksfjellet.

Turen går over det som vert rekna som Dei sju fjella i Bergen i rekkefølgja som er oppgitt under. Dersom ein ikkje ønskjer å gå over alle sju fjella, er det mogleg å gå den kortare 4-fjellsturen. Då går ein dei fire siste fjella i turen.

  1. Lyderhorn (396 moh., 4 km)
  2. Damsgårdsfjellet (317 moh., 8 km)
  3. Løvstakken (477 moh., 11 km)
  4. Ulriken (643 moh., 17 km)
  5. Fløyfjellet (400 moh., 22 km) ved Fløirestauranten
  6. Rundemanen (568 moh., 25 km)
  7. Sandviksfjellet (417 moh., 26 km)

Plakettar og statuettar endre

Etter gjennomført tur er det mogleg å få kjøpt plakett og/eller statuett. Dersom ein er over 65 år eller under 12 år vil ein telja med kor mange gonger ein har fullført 4-fjellsturen, ikkje berre 7-fjellsturen.

  • 1. gong = 7-fjellsplaketten i bronse.
  • 7. gong = 7-fjellsplaketten i sølv.
  • 14. gong = 7-fjellsplaketten i gull.
  • 21. gong = Vandreren i bronse.
  • 28. gong = Vandreren i sølv.
  • 35. gong = Vandreren i gull.
  • 42. gong = Æresplakett.

I 2010 var det til saman seks personar som hadde blitt premiert for 42 fullførte turar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre