Den alpine fjellkjedefoldinga
Den alpine fjellkjedefolding er ei fjellkjedefolding som fann stad i tertiærtida for om lag 60-80 millionar år sidan, og som mellom anna skapte fjellkjeda Alpane, ved sida av ei rekkje andre fjellkjeder som ligg i ein boge nord for Afrika og India.
Desse fjella omfattar (frå vest til aust) Atlasfjella, Pyreneane, Alpane, Dei dinariske Alpane, Hellenidane, Balkanfjella, Taurusfjella, Kaukasus, Alborz, Zagros, Hindu Kush, Pamir, Karakoram og Himalaya. Einskilde gonger finst andre namn for å skildre danning av separate fjellkjeder: til dømes den karpatiske orogenesen for Karpatane, den helleniske orogenesen for Hellenidane eller den himalayiske orogenesen for Himalaya.
Den alpine fjellkjedefoldinga føregjekk då kontinenta Afrika og India og den vesle kimmeriske plata kolliderte (frå sør) med Eurasia i nord. Motgåande rørsle mellom dei tektoniske platene byrja alt tidleg i krittida, men hovudfasane av fjellkjededanninga byrja i paleocen til eocen og han er endå ikkje heilt avslutta.
Den alpine fjellkjedefoldinga er rekna som ein av tre orogeneser som definerer geologien i Europa:
- Den kaledonske fjellkjedefolding som danna Old Red Sandstone-kontinentet då kontinenta Baltica og Laurentia kolliderte i tidleg paleozoikum. Denne rørsla skapte blant anna dei norske Langfjella, Dei kaledonske fjella i Skottland, Appalachane på austkysten av USA, og fjellkjedene aust på Grønland og vest på Svalbard.
- Hercynske (varisciske) fjellkjedefoldinga som danna Pangea då Gondwana og Old Red Sandstone-kontinentet kolliderte i midten til seinare paleozoikum. Denne rørsla skapte blant anna Ardennane i Belgia, Taunus og Hunsrück i Tyskland, og Karpatane i Aust-Europa.
- Alpine fjellkjedefoldinga.