Den Norske Opera & Ballett

(Omdirigert frå Den norske opera)
Sjå og Operahuset i Oslo

Den Norske Opera & Ballett er ein institusjon for opera og ballett som vart stifta i 1957, Han er den einaste fullt ut profesjonelle institusjonen for produksjon og formidling av desse kunstformene i Noreg.

Den norske Operas orkester framfører Wagner i den nye operasalen i Bjørvika den 19. april 2008. Dirigent er Lorin Maazel.

Den Norske Opera & Ballett si verksemd er organisert i sju programområde: Opera, ballett, konsertar, utdanning og formidling, utvikling og nyskapning, turné- og riksopera, i tillegg til utanlandsgjestespel.

Soge endre

 
Folketeateret i Oslo, der operaen heldt til fram til 2008.
Foto: Kjetil Ree, 2007.
 
Operabygningen er kvit ytst (fasaden), mellombrun i eik i midten og mørkebrun inst (salen).

Den første operasjefen var Kirsten Flagstad. Den norske Operaen & Ballett heldt sidan starten til i FolketeatretYoungstorget, før han i 2008 kunne flytte inn i det nye Operahuset i Oslo med adresse Kirsten Flagstads plass 1 i Bjørvika. I samband med flyttinga endra institusjonen namn frå «Den Norske Operaen» til «Den Norske Opera & Ballett». Samstundes la Det norske Operafond ned verksemda og overlét eigenkapitalen til institusjonen. Institusjonen er organisert som eit aksjeselskap og var til 2008 eigd av den norske staten (90 %) og Det Norske Operafond (10 %), etter dette heilt av staten.

Frå 1. januar 2009 bestod administrasjonen av Tom Remlov som administrerande direktør, Paul Curran operasjef, Espen Giljane ballettsjef og John Fiore musikksjef. Styreleiar var Ellen Horn.

Tidlegare operasjefar endre

 
Operabygningen i Bjørvika sett frå nord.
 
180° panorama av interiøret i publikumsområdet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre