Descloizitt er eit mineral som finst i brunlege rombiske krystall. Det er kjemisk sett eit hydroksylhaldig bly-sink-vanadat, PbZn(VO4)(OH) og opptrer sekundært på sinkførekomstar. Det dannar ein serie med den tilsvarande koparsambindinga mottramitt, PbCu(VO4)(OH), som har grønleg farge.

Descloizitt

Descloizitt frå Berg Aukas (Berg Aukus) i Namibia, 9.5 x 8.9 x 4.9 cm
Generelt
KategoriVanadatmineral
Kjemisk formel(Pb,Zn)2VO4OH
Strunz-klassifisering08.BH.40
KrystallsymmetriOrtorombisk (2/m 2/m 2/m) - dipyramidal
Einingscellea = 7.593 Å, b = 6.057 Å, c = 9.416 Å; Z = 4
Identifikasjon
Fargebrunraud, raudoransje, raudaktig til svartaktig brun, nesten svart
KrystallformStripete tavleforma krystallar er vanleg, skorpedanningar og fjøraktige samlingar
KrystallsystemOrtorombisk
KløyvIngen
BrotUjamn, undermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3 - 3.5
Glansfeittete
Strekfargeoransje til brunraud
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt6.1 - 6.2
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 2.185 nβ = 2.265 nγ = 2.350
Dobbeltbrytingδ = 0.165
PleokroismeSynleg
2V-vinkel85° til 90°
Dispersjon (spreiing)Kraftig r > v sjeldan r < v
Kjelder[1][2][3]

Det vart oppdaga i Sierra de Córdoba-avsetjinga i Córdoba i Argentina i 1854 og kalla opp etter den franske mineralogen Alfred Des Cloizeaux (1817–1897).[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Mindat.org
  2. Webmineral data
  3. Handbook of Mineralogi
  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Descloizitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Descloizitt