Det norske Theater

(Omdirigert frå Det norske Theater i Bergen)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Det Norske Teatret.

Det norske Theater var eit teater i Bergen skipa i 1850 og nedlagd i 1863, då det gjekk konkurs.[1][2] Ole Bull og medhjelparar som Frits Jensen og Magdalene Thoresen fekk i gang drifta av teateret, som sidan hadde både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som tilsette.

Det norske Theater

Komediehuset på Engen som husa Det norske Theater og Den Nationale Scene i dei første åra, til ein ny teaterbygning blei oppført.
Skipa2. januar 1850
LeiarDirektør Peter Blytt, instruktørar: Fritz Jensen, Herman Laading, Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson
Oppløyst17. mai 1863
Det første ensembelet i Det norske Theater med mellom anna Johannes Brun, Louise Brun, Andreas Isachsen, Fredrikke Nielsen, Lucie Wolf og Jacob Prom.

Teateret blei innvigd med ei førestilling på stiftingsdagen den 2. januar 1850, ein dato som også i åra etter blei feira med premiereførestillingar. Det første stykket som blei spelt var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg.[3]

Frits Jensen fekk ansvaret for å instruera unge, uerfarne skodespelarar. Det norske Theater gav førestillingar kvar onsdag og søndag i vår- og haustsesongen. Teateret heldt til i Komediehuset på Engen, som var bygd i 1800.[4] I 1876 blei Den Nationale Scene opna i den same bygningen.[5]

Kjelder

endre
  1. Lyche, Lise (1991). «Ole Bulls norske teater i Bergen». Norges teaterhistorie (på norsk). Asker: Tell Forlag. s. 69–79. 
  2. Wiers-Jenssen, H.; Nordahl-Olsen, Joh. (1926). «Intermezzo». Den nationale scene. De første 25 aar (på norsk). Bergen: John Griegs Forlag. s. 7–31. 
  3. Almquist, Olaf (1898). «Den første nationale scene». Johannes Brun. En skildring af hans liv og hans samtidige (på norsk). Kristiania: Alb. Cammermeyers Forlag. s. 11–31. 
  4. Aarseth, Asbjørn (1969). «Det bergenske teater ved århundreskiftet. Teaterbygningen». Den nationale scene 1901-31 (på norsk). Oslo: Gyldendal. s. 9–13. 
  5. «Den nationale Scene». Store norske leksikon (på norsk). Oslo: Kunnskapsforlaget. 2007. Henta 23. oktober 2009. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • Almquist, Olaf: Johannes Brun. En skildring af hans liv og hans samtidige af... med kunstnerens dagbog i uddrag. Kristiania 1898. Albert Cammermeyer.
  • Bang, Herman: Af Dagens Krønike. København 1889.
  • Blanc, Tharald: Norges første nationale Scene (Bergen 1850-1863). Et Bidrag til den norske dramatiske Kunsts Historie. Kristiania 1884. Albert Cammermeyer.
  • Blytt, Peter: Minder fra den første norske Scene i Bergen i 1850-Aarene. (2. opl.). 1907.
  • "Den første nationale Scene i Bergen" (s. 19-28). Folkebladet No. 2. 31te Januar 1900.
  • Kroepelien, Johan Fredrik (Red): Ibsen i Bergen. Bergens historiske forenings skrifter nr. 101. Bergen 2006. Bodoni forlag. ISBN 82-7128-403-7 (ib) / ISBN 82-90846-16-9 (h).
  • Nielsen, Fredrikke: Minnen från min barndom och mina första ungdomsår. Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum. Skrifter nr. 7. Oslo 1998. Novus Forlag. ISBN 82-7099-294-1 (h).
  • Paulsen, John: Samliv med Ibsen. Nye erindringer og skitser. København 1906.
  • Paulsen, John: Billeder fra Bergen. Barndoms- og Ungdomsminder. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1911.
  • Sperati, Octavia: Teatererindringer. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1911.
  • Sperati, Octavia: Fra det gamle Komediehus. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1916.
  • Wolf, Lucie: Livserindringer. Andet oplag. Kristiania 1897.