Diggi-loo diggi-ley

«Diggi-loo diggi-ley»
Song av Herreys
Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1984
Sjanger Pop, slager
Lengd 03:01
Selskap Mariann Records
Komponist Torgny Söderberg
Tekstforfattar Britt Lindeborg
Låtskrivar(ar) Torgny Söderberg, Britt Lindeborg

«Diggi-loo diggi-ley» er ein svensk popsong som vann Eurovision Song Contest 1984 for Sverige. Songen blei framført av dei tre brørne Per, Richard og Louis Herrey, best kjend under namnet Herreys. Songen var komponert av Torgny Söderberg, mens Britt Lindeborg skreiv teksta. Dette var den andre sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, og «Diggi-loo diggi-ley» blei ein mindre hit i Europa etter sigeren. I Noreg nådde han ein femteplass på VG-lista.[1]

Eurovision Song Contest endre

«Diggi-loo diggi-ley» var eit av ti bidrag som deltok i svenske Melodifestivalen i Göteborg den 25. februar 1984. Der avanserte «Diggi-loo diggi-ley» og Herreys til superfinalen og vann til slutt med 49 poeng.[2] Songen blei dimed det svenske bidraget til Eurovision Song Contest i Luxembourg laurdag 5. mai.

I den internasjonale finalen var Sverige det fyrste landet ut på scena av 19 deltakarar, og dei tre Herreys-brørne hadde på seg gullstøvlar og sørga for ei energisk framsyning av songen. Utover i avrøystinga tok Sverige etter kvart ei overraskande leiing. På førehand var det italienske bidraget «I treni di Tozeur» og Irland med «Terminal 3» dei største favorittane, men Sverige tok til slutt ein uventa siger med 145 poeng – åtte poeng føre Irland. Den norske jurygruppa gav 10 poeng til «Diggi-loo diggi-ley».[3] Under sigersfremføringa sang Herreys ein engelsk versjon av songen.

Etter sigeren endre

I vekene etter sigeren tok «Diggi-loo diggi-ley» seg inn på hitlistene i fleire europeiske land, blant anna i Noreg. Den friske og energiske framsyninga frå brørne Herrey fekk også mykje ros, men delar av musikkbransjen var negative og omtalte gruppa som «dei dansande deodorantane», på grunn av den glatte og pene utsjånaden til brørne. Tulle-tittelen til songen blei også kritisert og latterleggjord.[2]

Den største hiten dette året fekk imidlertid det italienske bidraget «I treni di Tozeur» (norsk: 'Toga i Tozeur'). Trass i ein femteplass i Eurovision Song Contest gjekk «I treni di Tozeur» inn på ei rekkje singellister over heile Europa.[3]

Men Herreys fekk ein betydeleg karriere, blant anna i Skandinavia og delar av Aust-Europa. Trioen blei invitert til å delta i Sopotfestivalen i 1985, Jernteppet sitt svar på Eurovision Song Contest. Der vann dei tevlinga med songen «Summer Party», noko som bana veg for fleire framsyningar i Aust-Europa. Mot slutten av 1980-åra gjekk brørne kvar til sitt, men dei har hatt ei rekkje gjensameiningar og gjesteframsyningar sidan.[4]

Listeplasseringar endre

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[5] 11 4 15. juni 1984
  Belgia, Flandern (Ultratop)[6] 3 8 19. mai 1984
  Irland (Irish Singles Chart)[7] 13 3 20. mai 1984
  Nederland (Single Top 100)[8] 4 8 26. mai 1984
  Noreg (VG-lista)[1] 5 2 Uke 21 1984
  Storbritannia (UK Singles Chart)[9] 46 4 19. mai 1984
  Sveits (Schweizer Hitparade)[10] 10 7 27. mai 1984
  Sverige (Sverigetopplistan)[11] 2 6 1. mai 1984
  Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[12] 18 8 28. mai 1984

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «VG-lista for 'Diggi-loo diggi-ley'». VG Nett. Henta 22. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «Melodifestivalen 1984». svt.se. Arkivert frå originalen 18. september 2016. Henta 22. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Eurovision Song Contest 1984 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 22. februar 2017. 
  4. Thomas Steen (13. november 2016). «Hvor ble de av? 1984 – Herreys». escnorge.net. Arkivert frå originalen 23. februar 2017. Henta 22. februar 2017. 
  5. Hung, Steffen. «Herreys – Diggi-loo diggi-ley». austriancharts.at. Henta 22. februar 2017. 
  6. «Diggi-loo diggi-ley – Ultratop». ultratop.be. Henta 22. februar 2017. 
  7. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'Herreys' i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 22. februar 2017. 
  8. Hung, Steffen. «Herreys – Diggi-loo Diggi-ley». dutchcharts.nl. Henta 22. februar 2017. 
  9. «Diggi-loo diggi-ley – chart history». Official Charts Company. Henta 22. februar 2017. 
  10. Hung, Steffen. «Herreys – Diggi-loo diggi-ley – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 22. februar 2017. 
  11. «Herreys – Diggi-loo diggi-ley (Song)». hitparad.se. Henta 22. februar 2017. 
  12. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Herrey's' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 22. februar 2017.