Dogs av Pink Floyd

song av Pink Floyd
Dogs
Song av Pink Floyd
frå albumet Animals
Utgjeve 23. januar 1977 (Storbritannia)
2. februar 1977 (USA)
Innspelt April – november 1976
Sjanger Progressiv rock,[1] hardrock
Lengd 17:04
Selskap Harvest (Storbritannia)
Columbia/CBS (USA)
Komponist David Gilmour, Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters, David Gilmour
Låtskrivar(ar) Roger Waters, David Gilmour
Produsent Pink Floyd

«Dogs» (opphavleg kalla «You've Got to Be Crazy») er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, utgjeve på albumet Animals i 1977.

Komposisjon endre

Musikken vart skriven i 1974 av David Gilmour og Roger Waters, med tekst av Waters, og opphavleg kalla «You've Got to Be Crazy». Waters endra delar av teksten og transponerte tonearten slik at både han sjølv og Waters kunne syngje songen. Han fekk då namnet «Dogs». Versjonen på Animals er 17 minuttar lang.

Hovudtemaet består av ganske uvanlege akkordar for Pink Floyd. I den endelege versjonen er akkordane D moll 9, E♭maj7sus2/B, A sus2sus4 og A♭sus2(♯11). Alle desse akkordane inneheld grunntonen i songen, D - sjølv som ein tritonus, som er tilfellet i den fjerde akkorden.[2][3][4]

Songen tonar inn med ein akustisk gitar stemt i D med akkordar klimpra i ein kvikk, synkopert rytme med eit bordunaktig Farfisaorgel som spelar akkordtonane (A, B, A og A♭). Etter dei første seksten taktane, byrjar Gilmour å syngje. For den tredje repetisjonen, kjem bassgitar, Hammondorgel, trommer og sologitar inn. Etter denne repetisjonen kjem den første av fleire gitarsoloar, framført av Gilmour på ein Fender Telecaster i staden for hans vanlege Fender Stratocaster.[3] Etter det neste verset kjem ein klaversolo. Til slutt, etter seks repetisjonar av hovudtemaet, vert tempoet halvert og ein langt meir langsam og ny akkordprogresjon byrjar, som til slutt vert oppløyst i ein F, der to sologitarar spelar ein langsam harmonisert melodi, og ein rolegare, tredje gitar spelar dekorative, bøygde strenger med mykje klang og ekko.

Songen vert så strippa ned til akustisk gitar med ein Dm9-akkord og ein bass som slår forsiktig på E, den niande i akkorden. Ein ny akkordprogresjon følgjer B til C/B til A(add♭6) og så A, A/F, A/E til Dm. Etter ein annan gitarsolo over denne progresjonen, syng Gilmour ein melismatisk vokal med harmoniar frå Richard Wright, som endar med tekstlinja «So have a good drown/As you go down all alone/Dragged down by the stone», og den dissonante A/F-akkorden gå attende til Dm9.

Den midtre delen er ein langsam del i 6/4-takt, bygd kring lag på lag av synthesizer og dei fire akkordane frå hovudtemaet med lyden av hundar som bjeffar gjennom ein vocoder. Eit av hyla til hunden er henta frå ei tidlegare Pink Floyd-innspeling, «Seamus». Det siste ordet til Gilmour, «stone», går som eit ekko i mange takter, før det gradvis vert forvrengd og mistar menneskeleg karakter og tonar ut. Det dukkar opp att seinare i den instrumentale delen av «Sheep». Det er ingen gitarar i denne delen. Gradvis startar ein synthesizer-solo som når eit klimaks og den akustiske gitaren kjem attende i det opphavlege tempoet og rytmen.

Partiet frå byrjinga kjem så om att, men denne gongen er det Waters som syng førstestemme. Ein tredje gitarsolo endar i ein tredelt harmoni spelt som fallande forstørra akkordar, som fører til den langsame, harmoniserte gitarmelodien til Gilmour i F-dur, slik som i den første parten av songen. Dette fører fram til det siste verset, der Waters syng ein ny, repterande melodi med seksten linjer som alle byrjar med «Who was...». Gitarane vekslar mellom D-moll og C-dur, medan bassen spela ein fallande F, E, D og C, og skapar ei kjensle av F6 etterfølgd av C/E. Opphavleg vart teksten til Waters («Who was born in a house full of pain», etc.) gjenteke av Gilmour og Richard Wright i ein kanon, men i den endelege innspelinga vart dette berre gjort på dei siste par linjene, og sungen av Waters sjølv ved hjelp av ein forseinkingseffekt. Denne seksjonen vert først oppløyst i ein B og så til A, før det vert avslutta med bassen som går A, F og E bass og til slutt attende til Dm9, medan teksten endar med «dragged down by the stone».[4]

«Dogs» er den einaste songen på Animals der Gilmour syng førstestemme og står oppførst som medlåtskrivar. Det var òg siste gongen Wright song på ein Pink Floyd song før han slutta i bandet i 1979.

Konsept endre

«Dogs» er ein del av det Orwell-aktige konseptet om å samanlikna oppførselen til menneska med forskjellige dyr. «Dogs» omhandlar den aggressive, omsynslause og konkurrerande forretningsverda, og skildrar ein mektig forretningsmann. Dei to første versa skildrar den rovgriske karakteren hans - tilsynelatande sjarmerande og respektabel med «slips, fast handgrep, glimt i auge og eit smil» («club tie and a firm handshake, a certain look in the eye and an easy smile»), medan han bak fasaden ligg og ventar på «eit lett bytte han kan slå til mot i rette augneblink» («to pick out the easy meat...to strike when the moment is right») og dolke dei som stolte på han i ryggen. Dei neste versa skildrar korleis han innser tomheita i livet sitt når han vert eldre, og trekkjer seg attende til dei rike i sør, men uelska: «just another sad old man, all alone and dying of cancer», og drukna under vekta av ein metaforisk stein.

Det siste verset utforskar ei rekkje sider ved forretningslivet og korleis det er samanlikna med hundar. Til dømes å ta sjansar og verte "lært opp til å ikkje spytte på fansen" («trained not to spit in the fan»), miste individualiteten sin («broken by trained personnel»), lyde sine overordna («fitted with collar and chain»), og få løn for god oppførsel («given a pat on the back»), arbeide hardare enn andre arbeidarar («breaking away from the pack») og bli kjend med alle, men bruke mindre tid på familien («only a stranger at home»). Denne siste linja skal i følgje ein ven av Roger Waters ha vore personleg for han, sidan familien hans vart splitta alt frå fødselen av. Kvar linje av dette verset byrjar med orda «Who was», som er samanlikna med Allen Ginsberg-diktet «Howl».[5] Waters har derimot nekta for at Ginsberg-diktet hadde påverknad på diktet. I staden kan ein sjå desse linjene som underordna setningar til tekstlinja som kjem like før («And you believe at heart everyone's a killer/Who was born in a house full of pain/Who was [etc.]»).[6]

Tidlege versjonar endre

Under framføringar av «You've Got to Be Crazy» i 1974, som ein kan høyre på Immersion Box Set- og Experience-versjonane av Wish You Were Here, speler bandet songen raskare enn han opphavleg kom til å bli, og i den originale tonearten e-moll, før dei brukte D-stemming på gitaren. Teksten er annleis, men har tematiske likskapar til den endelege teksten til «Dogs». Teksten vart endra då dei spelte songen på konsertane sine i 1975, og så igjen då dei spelte songen inn for Animals.

«Stundom kjem eg til noko som er ukomfortabelt å syngje. Den første teksten Roger skrive for «Dogs», då han vart kalla «You Gotta Be Crazy», hadde berre for mange ord. «Dogs» hadde så mange ord at eg klarte ikkje å fysisk få dei inn. Me kutta ut to tredjedelar av orda slik at det i det heile tatt var mogeleg, i staden for umogeleg.» - David Gilmour[7]

Det var òg umogeleg for både Gilmour og Waters å nå dei høgaste notane i «dragged down by the stone», i den originale tonearten, som byrja med H over C. Alle opptak av dei tidlege framføringane av songen syner at ingen av dei klarte å nå eller halde denne noten. Linja kjem to gonger, under klimakset til begge songarane. Det var truleg for å kunne nå denne linja at dei tok ned tonearten før dei spelte inn songen. Waters kom derimot seinare til å nå sjølv høgare tonar på seinare songar som «Hey You», «Every Stranger's Eyes» og «One of My Turns»).[8][9]

Piratkopiplata From Abbey Road to Britannia Row: The Extraction Tapes (2014) inneheld ein uferdig studioversjon av «Dogs.» Denne versjonen er musikalsk nærare den offisielle versjonen enn den tidlegare «You've Got to Be Crazy», men har nokre markante skilnader. I motsetnad til albumversjonen vert han nesten berre sungen av Waters, og Gilmour syng bere den midtre delen («And when you lose control...»). Synthesizersoloen (med gøyande hund) manglar (og sporet er derfor like under 14 minuttar langt) og noko av teksten er annleis, mellom anna i den avsluttande «Who was...» verse.[10]

Konsertversjonar endre

Songen vart framført på alle konsertane deira i 1977. Gilmour song då alt utanom den siste delen og spelte dei akustiske partia på den elektriske gitaren, slik at han lett kunne byte mellom å spele solo og rytme. Songen hadde noko andre soloar enn studioutgåva. Før den siste gitarsoloen, spelte Gilmour òg ein ekstra solo. Waters song framleis «who was born in a house full of pain»-delen.

Roger Waters spelte ofte songen på In the Flesh-turneen der Jon Carin og Doyle Bramhall II erstatta Gilmour på vokal og gitar. Waters framførte òg songen på Us + Them-turneen med Dave Kilminster og Jonathan Wilson på gitar, og sistnemnde på vokal.

Andre versjonar endre

Les Claypool's Frog Brigade har framført og gjeve ut konsertopptak av «Dogs» på albumet Live Frogs Set 2 (2001). Heile albumet er ei komplett framføring av Animals, spelt inn i oktober 2000.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Murphy, Sean (22. mai 2011). «The 25 Best Progressive Rock Songs of All Time». PopMatters. Henta 18. juni 2019. 
  2. Pink Floyd: Animals (1977 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1030-8 [USA ISBN 0-8256-1077-X])
  3. 3,0 3,1 Guitar World magazine, Volume 22, Number 11, November 2002.
  4. 4,0 4,1 Phil Rose: Which One's Pink? An Analysis of the Concept Albums of Roger Waters and Pink Floyd. Collector's Guide Publishing Inc. ISBN 1-896522-47-5 [US ISBN 1-896522-17-3]
  5. Review av songen «Dogs», AllMusic
  6. Intervju med Roger Waters i Which One's Pink? An Analysis of the Concept Albums of Roger Waters and Pink Floyd av Phil Rose. Collector's Guide Publishing Inc. ISBN 1-896522-47-5 [US ISBN 1-896522-17-3]
  7. «Rock Compact Disc magazine, Issue 3, September 1992». Arkivert frå originalen 2. januar 2011. Henta 21. juli 2011. 
  8. Pink Floyd: The Wall (1980 Pink Floyd Music Publishers Ltd., London, England, ISBN 0-7119-1031-6 [USA ISBN 0-8256-1076-1])
  9. Roger Waters: The Pros and Cons of Hitch Hiking (1984 Chappell Music Ltd., London, England, ISBN 0-86359-129-9)
  10. «Bootleg Review: Pink Floyd - From Abbey Road to Britannia Row: The Extraction Tapes». Rob's Wall of Music. 3. mars 2014. Henta 23. november 2016. 

Bakgrunnsstoff endre