Domestisering

(Omdirigert frå Domestikasjon)

Domestisering (lat. domesticus, 'som gjeld huset') eller temjing viser til overgangen for ville dyr og plantar til å bli husdyr og kulturplantar. Menneske har domestisert ulike artar sidan steinalderen, og prøver stadig å domestisera nye.

Mann og fårehund gjeter sauer inn i ei innhegning. Hund og sau er blant dei første domestiserte dyra me kjenner til. Graset dei går på er ein domestisert planteart.
Foto: C Michael Hogan

Ofte vil både mennesket og den domestiserte arten ha utbytta av prosessen. Mennesket bruker arten til nytte, hygge eller pynt, medan arten får hjelp til å overleva og spreia genene sine. Artar som har vore domestiserte i fleire generasjonar går gjennom eit selektivt utval, ei form for evolusjon, som gjer dei ulike ville artsfrendar, til dømes når det gjeld oppførsel, formeiring, vekst og utsjånad. Samstundes er det mogleg at naturleg utval har bidrege til å gjera nokre medlemmer av ein art lettare å domestisera.

Historie

endre
Tidsline for domestisering av dyr. Årstal er ikkje stadfesta nøyaktig.
Art Årstall Stad
Hund 13000 f.Kr. Asia
Sau 8000 f.Kr. Midtausten [1]
Geit 8000 f.Kr. Midtausten [1]
Kveg 8000 f.Kr. Midtausten [1]
Gris 7000 f.Kr. Asia og Europa [2]
Katt 4000 f.Kr.-8000 f.Kr. Vesleasia-Midtausten-Nord-Afrika[3]
Alpakka 4000 f.Kr. Peru [4]
Lama 4000 f.Kr. Peru [4]
Hest 4000 f.Kr. Ukraina [5]
Esel 4000 f.Kr. Egypt
Vassbøffel 4000 f.Kr. Kina
Honningbie 4000 f.Kr. Sørasia
Høns 4000 f.Kr. Thailand [6]
Silkeorm 2500 f.Kr. Kina [7]
Baktriakamel 2500 f.Kr. Sentralasia
Dromedar 2500 f.Kr. Arabia
Marsvin 1500 f.Kr. Peru [8]
Kalkun 100-talet Mexico
Kanin 1500-talet Europa
Raudrev 1800-talet Europa
Mink 1800-talet Europa
Hjort 1970-talet New Zealand

Hunden var truleg den første dyrearten som blei domestisert, og spreidde seg til nesten alle menneskesamfunn. Ein reknar med at tamhunden skilde lag frå ulven for minst 15 000 år sidan, kanskje mange tusen år før. Ein ser for seg at han kan ha blitt domestisert gjennom at ulvevalpar blei oppfostra av menneske og dermed sosialiserte, eller ved at flokkar av ulvar blei gradvis meir vane til menneske og tok til å halda seg nær dei for å få matrestar. Dei kan deretter ha blitt nærare knytte til menneske ved å delta i jakt, som vakthund, trekkhund, kanskje også som kjøt- og pelsprodusent.

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 Troy 2001
  2. Giuffra m.fl., 1999
  3. Driscoll et al., 2009
  4. 4,0 4,1 Wheeler, 1995
  5. Anthony et al., 1991
  6. Wood-Gush, 1959, Zeuner, 1963, Fumihito et al., 1994, 1996
  7. Hamamura, 2001
  8. Weir, 1974 og Kyle, 1987

Bakgrunnsstoff

endre