Don't Let Me Be Lonely Tonight

Don't Let Me Be Lonely Tonight
Singel av James Taylor
frå albumet One Man Dog
B-side

Woh, Don't You Know

Utgjeve November 1972
Sjanger Folkrock
Lengd 2:34
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) James Taylor
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
«Long Ago and Far Away»
(1971)
Don't Let Me Be Lonely Tonight «One Man Parade»
(1973)


«Don't Let Me Be Lonely Tonight» er ein song skriven og framført av den USA-amerikanske visesongaren James Taylor frå albumet hans One Man Dog i 1972. Songen har vore med på tre av Taylor sine samlealbum: Greatest Hits (1976), Classic Songs (1987) og The Best of James Taylor (2003). Taylor spelte inn songen på nytt for Michael Brecker-albumet Nearness of You: The Ballad Book frå 2001. Denne tolkinga vann Taylor Grammyprisen for beste mannlege popsong i 2002.

Medverksande

endre

James Taylor - solovokal, akustisk gitar Danny Kortchmar - elektrisk gitar Craig Doerge - piano Lee Sklar - bassgitar Russ Kunkel - trommar, congaer

Mottaking

endre

AllMusic-skribenten Bill Janovitz skreiv at songen er «eit fantastisk døme på Tin Pan Alley-typen av jazzaktig romantisk ballade», og at teksten til songen, om «ein forrådd elskar som lèt sitt einsame hjarte kontrollera hovudet sitt», var uvanleg i og med at songar med det temaet vanlegvis vart framført av kvinnelege artistar.[1]

Salsliste

endre

Han vart gjeven ut som førstesingelen frå albumet, og nådde ein 14. plass på den amerikanske Billboard. Hot 100,[2] og nådde topplasseringa si 13. januar 1973. Han nådde òg tredjeplassen på Easy Listening-lista.[3] I Canada nådde songen 18. plassen på Pop Singles-lista og sjuandeplassen på AC-lista.

Andre versjonar

endre

Songen har vorte spelt inn av følgjande artistar:

«Don't Let Me Be Lonely Tonight» har òg blitt framført på scenen av artistar som George Benson, Pat Metheny og Earth, Wind & Fire.

Kjelder

endre
  1. "Don't Leit Me Be Lonely Tonight" review, Bill Janovitz, AllMusic
  2. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 828. 
  3. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961-1993. Record Research. s. 237. 
  4. Isaac Hayes' Don't Leit Me Be Lonely Tonight-cover, Whosampled.com