It's So Easy av Buddy Holly
It's So Easy! Singel av The Crickets | ||
B-side |
«Lonesome Tears» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1958 | |
Innspelt | Juni-august 1958, Clovis i New Mexico | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Brunswick | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty | |
The Crickets-kronologi | ||
«Think It Over» (1958) |
It's So Easy! | «Love's Made a Fool of You» (1959)
|
«It's So Easy!» er ein rock-and-roll-song skriven av Buddy Holly og Norman Petty. Han vart gjeven ut på singel i 1958 av The Crickets, men han selde dårleg. Det var den siste utgjevinga til The Crickets, medan Holly framleis var i bandet.
Ein versjon av songen av Linda Ronstadt i 1977 gjekk inn på topp 5 på Billboard Hot 100-lista.
The Crickets-versjonen
endreBakgrunn
endreSongen vart spelt inn av Holly og The Crickets mellom juni og august 1959 i studioet til Norman Petty i Clovis i New Mexico.
Holly mima til innspelinga av «It's So Easy!» og songen «Heartbeat» på fjernsynsprogrammet American Bandstand den 28. oktober 1958.
The Crickets spelte inn «It's So Easy!» for Brunswick Records, som gav han ut på singel i 1958. Singelen selde dårleg. B-sida var «Lonesome Tears». Tommy Allsup spelte sologitar på begge songane.
Linda Ronstadt-versjonen
endreIt's So Easy Singel av Linda Ronstadt frå albumet Simple Dreams | ||
B-side |
«Lo Siento Mi Vida» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. september 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:27 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«Blue Bayou» (1977) |
It's So Easy | «Poor Poor Pitiful Me» (1978)
|
Linda Ronstadt spelte inn «It's So Easy» i 1977 for albumet Simple Dreams, produsert av Peter Asher. Innspelinga hennar vart gjeven ut på singel av Asylum Records på hausten det året. Singelen gjekk heilt til topp 5 på Billboard-lista, samstundes med innspelinga hennar av «Blue Bayou». Singelen nådde òg niandeplassen i Canada og 11. plassen i Storbritannia.[1][2] Ronstadt sin versjon vart nytta i filmen Brokeback Mountain frå 2005.
Salslister
endreVekelister
endreListe (1977–78) | Plassering |
---|---|
Belgia[3] | 4 |
Canada | 9 |
Danmark[3] | 6 |
Tyskland[3] | 47 |
Nederland | 13 |
New Zealand[4] | 11 |
Sveits[3] | 6 |
UK | 11 |
U.S. Billboard Hot 100[5] | 5 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 37 |
U.S. Billboard Country | 81 |
Årsliste
endreChart (1977) | Rank |
---|---|
Canada[6] | 107 |
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Canada[7] | 178 |
Sveits[8] | 26 |
U.S. Billboard Hot 100[9] | 90 |
Andre versjonar
endre- Bobby Vee, The Astronauts, Skeeter Davis, The Trashmen, Connie Francis, Hank Marvin, Mike Berry and The Outlaws, P.J. Proby og Chris Spedding spelte inn versjonar av songen.
- The Beatles spelte songen under innspelinga av Let It Be i 1969.
- Denny Laine gav ut songen på singel, produsert av Paul McCartney, i 1976.
- Gary Busey framførte songen i 1978 på filmen The Buddy Holly Story.
- Waylon Jennings og The Crickets spelte inn songen og det same gjorde Zooey Deschanel.
- Alvin and the Chipmunks spelte songen i 1987 for fjernsynsserien Alvin and the Chipmunks.
- Paul McCartney spelte inn to versjonar av songen for 75-årsjubileet til Buddy Holly i 2011.
Norsk versjon
endreEin norsk versjon vart skriven av Eldar Vågan og spelt inn av Vazelina Bilopphøggers i 1987. Den norske tittelen var «Drink med is i (på Fornebu)».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's So Easy (Buddy Holly song)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-14557-6.
- Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4223-9302-4.
- Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. ISBN 978-0-936433-20-2.
- Gerron, Peggy Sue (2008). Whatever Happened to Peggy Sue? Togi Entertainment. ISBN 978-0-9800085-0-0.
- Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. ISBN 0-85947-018-0.
- Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. ISBN 0-306-80715-7.
- Gribbin, John (2009). Not Fade Away: The Life and Music of Buddy Holly. London: Icon Books. ISBN 978-1-84831-034-6.
- ↑ «Original versions of It's So Easy! written by Buddy Holly,Norman Petty». SecondHandSongs.com. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Song artist 414 - Linda Ronstadt». Tsort.info. Henta 10. februar 2018.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 http://swisscharts.com/song/Linda-Ronstadt/It's-So-Easy-483
- ↑ http://nztop40.co.nz/chart/singles?chart=2776
- ↑ Whitburn, Joel. Top Pop Singles 1955–2002.
- ↑ «Top 200 Singles of '77 – Volume 28, No. 11, December 31 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta June 25, 2016.
- ↑ «Top 200 Singles of '78 – Volume 30, No. 14, December 30 1978». RPM. Library and Archives Canada. Henta 12. februar 2018.
- ↑ Swiss Year-End Charts, 1978
- ↑ «Top 100 Hits of 1978/Top 100 Songs of 1978». Musicoutfitters.com. Henta 10. februar 2018.