Du Friedefürst, Herr Jesu Christ

Du Friedefürst, Herr Jesu Christ, BWV 116, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Du Friedefürst, Herr Jesu Christ
BWV 116
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring26. november 1724
Publiseringsdato1876
Typisk lengd15:04
Satsar/akter6
ToneartA-dur

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den 25. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er henta frå Jakob Ebert (sats 2 og 6), medan resten er skriven av ein ukjend person.

Koraltemaet er basert på salmen «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ». Denne melodien, som ein ein gong trudde var skriven av Ludwig Helmbold, finst i ei samling av Bartholomäus Gesius (Gese) (1601) og er laust basert på «Innsbruck, ich muß dich lassen», som dukka opp som «Geistliche deutsche Lieder» i Frankfurt an der Oder i 1601.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo (med valthorn for dei to koralsatsane), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ», Koral
  2. «Ach, unaussprechlich ist die Not», Arie for alt
  3. «Gedenke doch, o Jesu, daß du noch ein Fürst des Friedens heißest», Resitativ for tenor
  4. «Ach, wir bekennen unsre Schuld», Trio for sopran, tenor & bass
  5. «Ach, laß' uns durch die scharfen Ruten», Resitativ for alt
  6. «Erleucht' auch unser Sinn und Herz», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre