Du Hirte Israel, höre

Du Hirte Israel, höre, BWV 104, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Du Hirte Israel, höre
BWV 104
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring24. april 1724
Publiseringsdato1830
Typisk lengd17:38
Satsar/akterseks

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for andre sundagen etter påske, som dette året var den 24. april.

Teksten er henta frå Salme 80: 1 (første sats), Cornelius Becker (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend opphavsmann. Wustmann & Neumann har foreslått Christian Weiss den eldre

Koraltemaet er basert på salmen «Allein Gott in der Höh sei Ehr» av Cornelius Becker. Melodien til denne salmen er delvis basert på den gregorianske songen «Gloria in excelsis» frå seinmellomalderen og delvis på ein «Sanctus in festis duplicibus» frå Graduale Romanum. Den første delen av salmen liknar ein påskesong frå 900-talet som spreidde seg til fleire land. Det var Nikolaus Decius (ca. 1485-etter 1546) som samla saman dei forskjellige melodiane til denne melodiane, truleg med ein litt anna tekst, i Braunschweig i 1522.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to oboar d'amore, engelsk horn (tenorobo), to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt to songsolistar (tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Du Hirte Israel, höre!», Koral
  2. «Der höchste Hüter sorgt für mich», Resitativ for tenor
  3. «Verbirgt mein Hirte sich zu lange», Arie for tenor
  4. «Ja, dieses Wort ist meiner Seelen Speise», Resitativ for bass
  5. «Beglückte Herde, Jesu Schafe, Arie for bass
  6. «Der Herr ist mein getreuer Hirt», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre