Dvergmalle

fiskeart
Dvergmalle
Dvergmalle
Dvergmalle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Mallefisk Siluriformes
Familie: Dvergmallefamilien Ictaluridae
Slekt: Ameiurus
Art: Dvergmalle A. nebulosus
Vitskapleg namn
Ameiurus nebulosus

Dvergmalle (Ameiurus nebulosus) er ein liten mallefisk som er særs vanleg i ferskvatn nordaust i Nord-Amerika.

Arten er òg sett ut mange stadar, m.a. i Drengsrudvannet ved Asker der han vart sett ut i 1890. I Norsk svarteliste 2012 er dvergmalle vurdert til låg risiko, ettersom han har vore i landet i over 120 år uten å spreia seg til nye vassdrag.[1]

Kjenneteikn endre

Dvergmallen har 8 skjeggtrådar rundt munnen, som sit på undersida av det flate hovudet. Ryggen er grå til blåsvart, gulbrun eller oliven, med lysare sider og gul til kvit buk. Han er ein liten fisk, som sjeldan vert over 34 cm i Europa. I Amerika har dei funne eksemplar på opptil 55 cm og over 2 kg. Arten kan ikkje forvekslast med andre norske ferskvassfisk.

Levesett endre

Dvergmallen lever på blaut botn i eutrofe vatn, små dammar, tjern og sakteflytande elver med mykje vassplanter. Her jaktar han om natta på insektlarver, rogn, småfisk og ymse ferskvasslevande virvellause dyr med hjelp av skjeggtrådane sine. Sjølv i stilleståande vatn kan fisken lukta seg fram til bytte på opptil 25 fiskelengders avstand.

Arten er særs hardfør overfor både ureining og låge oksygennivå. Han er òg særs varmeresistent. Når tilhøva vert for tøffe, grev han seg gjerne ned i botnen.

Dvergmalle gyt i juni-juli på grunt vatn, stundom fleire gongar i løpet av same sommaren. Foreldra grev eit reir der hoa legg 500-13000 egg som målar om lag 3 mm i diameter. Dei vaksne vaktar dei til dei klekker etter om lag ei veke. Larvane er kjønnsmogne etter 3 år ved 20-33 cm.

Kjelder endre

  1. «Ameiurus nebulosus dvergmalle». FremmedArt2012. Artsdatabanken. Henta 20. august 2014.