Dvergsporv

art av sporvefuglar
Dvergsporv
Dvergsporv
Dvergsporv
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiing ██ Berre hekking ██ Overvintring
Utbreiing

██ Berre hekking ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Dvergsporv E. pusilla
Vitskapleg namn
Emberiza pusilla

Dvergsporv (Emberiza pusilla) er ein liten fugl og medlem i busksporvfamilien. Han hekkar i nordlege Eurasia frå Finnmark til stillehavskysten, og overvintrar i sørlege Asia.

Skildring endre

Dvergsporven måler 12–14 cm i kroppslengde. Han har ein kraftig stripa brun rygg og kvit underside med fine mørke striper. Med kastanjefarga andlet og kvite mustasjestripe liknar han ei lita sivsporvhoe, men har svarte kronestriper, ein kvit augering og ein fin mørk kant på baksida av kastanjekinna. Kjønna er like.

Lætet er ein særegen zik, og songen er eit rullande siroo-sir-sir-siroo.

Denne vesle sporvearten hekkar over taigaen lengst nordaust i Europa og nordlege Sibir til det russiske fjerne austen, der finst han så langt nord som ved utlaupet av elva Indigirka, og vidare aust til Kolymabukta og Anadyrbukta. Sørgrensa er nordlegaste Mongolia. Han er ein trekkfugl og overvintrar i subtropane i Nord-India, Sør-Kina og dei nordlege delane av Søraust-Asia. Fuglane blir verande i vinterkvarteret ganske lenge; trekket nordover føregår frå mars til mai månader. Dvergsporv er ein sjeldan streiffugl til Vest-Europa. Denne arten er tilpasningsdyktig; i fjella i Bhutan, til dømes, der eit lite tal overvintrar, finst han typisk i eit jordbrukshabitat, for det meste mellom 1000 og 2000 moh.

Han hekkar i open barskog, ofte med litt bjørk eller selje. Føda består av frø, eller når dei matar ungar, insekt.

Han er ein vanleg og vidt utbreidd art og blir ikkje rekna som trua på IUCN si raudliste.

 
Dvergsporv-egg
Utbreiing i Noreg

Dvergsporv er ein regelmessig, men fåtalig hekkefugl i Finnmark.[2] Det er estimert at mellom 30 og 100 individ hekkar i den austlege delen av Finnmark. Han er elles ein streiffugl i alle landsdeler utanom hekketida, særleg i september og oktober. Eit fleirtal av streiffuglane er registrerte i Rogaland.[3] Han er lista i kategorien sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark dvergsporv Emberiza pusilla Pallas, 1776 Henta 14. desember 2010
  2. Bjørn Frantzen, 1994, Artsomtale: Emberiza pusilla – dvergspurv, S. 502 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 14. desember 2021
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 14. desember 2021. 
  4. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av dvergspurv Emberiza pusilla for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 14. desember 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dvergsporv