Easy Come, Easy Go av Elvis Presley
Easy Come, Easy Go EP av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1967 | |
Innspelt | September 1966 | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 13:41 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Joseph Lilley | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
How Great Thou Art av Elvis Presley (1967) |
Easy Come, Easy Go |
|
Easy Come, Easy Go er ein EP av Elvis Presley, gjeven ut i mars 1967. EP-en inneheld musikk spelt inn for filmen med same namn.
Innspelinga fann stad 28. og 29. september 1966 i Paramount Studio i Hollywood. Etter den relative fridomen i Nashville i mai det året, som førte til How Great Thou Art og andre songar som var meir i hans sak, var Presley visstnok misnøgd med kvaliteten på songane som vart vald ut for filmen, og kalla utvalet «drit» under innspelinga.[1] Det er ofte blitt rapportert[2][3] at Presley spelte inn «Leave My Woman Alone» for filmen, men at berre akkompagnementet vart spelt inn, og at Presley aldri song vokal på songen.[4][5] Sju utval vart spelt inn for filmen. Songen «She's a Machine» vart ikkje nytta i filmen, men kom ut på Elvis Sings Flaming Star året etter.[6]
Dei attverande seks songane kom ut på EP-en samstundes med premieren til filmen i mars 1967. Han gjekk ikkje inn på Billboard Hot 100-lista og selde færre enn 30 000 eksemplar totalt.[7] Sidan EP-formatet ikkje lenger var eit stort marknadsmedium, og på grunn av det dårlege salet til Easy Come, Easy Go, var dette den siste utgjevinga med nye songar av Presley gjeven ut på EP-formatet.[7] Den britiske utgåva toppa den britiske EP-lista, trass i at han berre inneheldt fire av dei seks songane den amerikanske utgåva hadde («The Love Machine» og «You Gotta Stop» vart fjerna).[8]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Easy Come, Easy Go» | Sid Wayne og Ben Weisman | 28. september 1966 | 2:07 |
2. | «The Love Machine» | Chuck Taylor, Fred Burch, Gerald Nelson | 29. september 1966 | 2:10 |
3. | «Yoga is as Yoga Does» | Fred Burch og Gerald Nelson | 29. september 1966 | 2:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «You Gotta Stop» | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 29. september 1966 | 2:20 |
2. | «Sing You Children» | Fred Burch og Gerald Nelson | 28. september 1966 | 2:00 |
3. | «I'll Take Love» | Dolores Fuller og Mark Barker | 28. september 1966 | 2:13 |
Medverkande
endre- Elvis Presley - vokal
- The Jordanaires - korvokal
- Anthony Terran, Mike Henderson Jerry Scheff - trompet
- Butch Parker - trombone
- Meredith Flory, William Hood - saksofon
- Scotty Moore - sologitar
- Tiny Timbrell - rytmegitar
- Charlie McCoy - akustisk gitar, orgel, munnspel
- Michael Rubini - cembalo
- Bob Moore, - kontrabass
- D.J. Fontana, Buddy Harman, Hal Blaine, - trommer
- Emil Radocchia, Curry Tjader, Larry Bunker- perkusjon
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Easy Come, Easy Go (1967 film)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carr, Roy; Farren, Mick (1982). Elvis: The Illustrated Record. New York: Harmony Books. s. 107. ISBN 0517539799. ISBN 9780517539798
- ↑ Worth, Fred L., and Tamerius, Steve D. Elvis: His Life from A to Z. New York: Contemporary Books, 1990; s. 282, 426-427.
- ↑ Carr and Farren, op. cit., s. 107
- ↑ Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 222-224
- ↑ Elvis Recordings.com session entry, 'No Elvis Vocal'
- ↑ Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 223.
- ↑ 7,0 7,1 Jorgensen, Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 224.
- ↑ http://www.45cat.com/record/rcx7187