Reidar Hjermstad

Reidar Hjermstad (fødd 10. oktober 1937) er ein norsk tidlegare langrennar, skiskyttar og friidrettsutøvar som var aktiv på nasjonalt toppnivå i perioden 1961 til 1973. Han var medlem av Hernes IL i Elverum.

Reidar Hjermstad
Reidarzc.jpg
Fødd 10. oktober 1937 (85 år)
Elverum
Yrke langrennsløpar, skiskyttar
Reidar Hjermstad på Commons

Fremste prestasjonaneEndra

I 1963 vann Hjermstad både 15- og 50-kilometeren under Lahti-spelen, femmila vann han med over tre minuttars margin til landsmannen Sverre Stensheim. For prestasjonane i Lahti vart han kåra til «Årets idrettsnamn» av Norske Sportsjournalisters Forbund. Hjermstads beste OL-resultat kom på femmila under OL 1972 i Sapporo, der han kom på fjerdeplass. Pål Tyldum og Magne Myrmo sikra norsk dobbeltsiger på distansen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1961: Nr 7 på femmila i Holmenkollen.
  • 1962: Nr 2 på femmila i Holmenkollen.
  • 1963: Vinnar av både 15-kilometeren og femmila i Lahti.
  • 1965: Nr 5 på 15 km i Lahti.
  • 1966: Nr 12 på 15 km i Lahti.
  • 1968: Nr 5 på femmila i Lahti, og nr 8 på femmila i OL i Grenoble.
  • 1969: Nr 8 på femmila i Holmenkollen.
  • 1971: Nr 3 på femmila i Lahti.
  • 1972: Nr 4 på femmila under olympiameisterskapet i Sapporo.
  • 1973: Nr 4 på femmila i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra

I 1967 vart han norgesmeister i 3 x 10 kilometer stafett for Hernes IL.

SkiskytingEndra

1960: Norgesmeister i skiskyting i Sørkedalen, Oslo.

FriidrettEndra

Han var også ein dyktig friidrettsutøvar, fekk mellom anna bronse i NM på 10 000 m i 1962 med tida 30.22,6. I friidrett tevla han først for Hernes IL, men i perioden 1963-68 representerte han IK Tjalve i Oslo. Hans personlege rekordar er 14.15,8 på 5 000 m (1964), og 30.02,0 på 10 000 m då han representerte Noreg i landskamp mot DanmarkBislett i 1962.

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1963 og Holmenkollmedaljen i 1971.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar