Einar Jansen (27. mars 189313. desember 1960) var ein norsk personalhistorikar. Ved fødselen budde familien hans i Røyken kommune i Buskerud, men han voks opp i Sandvika i Bærum etter at faren hadde gått av som sokneprest i Røyken. Han var statsarkivar i Bergen frå 1. januar 1934 til utgangen av april 1960. Før han kom til Statsarkivet i Bergen hadde han vore arkivar ved Statsarkivet i Oslo frå 1. februar 1921.

Einar Jansen
Fødd 27. mars 1893
Røyken
Død

13. desember 1960
Bergen

Yrke historikar, genealog, arkivar, fagforeiningsleiar, biograf

Einar Jansen tok filologisk embetseksamen i 1919 med hovudfag i historie, og med hovudoppgåve om ”Det suspensive lovvetos anvendelse i norsk konstitutionel praksis”. Saman med Halvdan Koht gav han ut ”The Constitution of Norway” i 1938. I 1945 publiserte han ei avhandling om ”Tidsregningen i Norge efter reformasjonen” i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.

Gjennom meir enn ein mannsalder var Einar Jansen hovudmannen bak Norsk Biografisk Leksikon, der han alt i 1924 (band II) kom med i redaksjonen. I 1925 vart han redaktør, og det var han til han døydde i 1960 (band XIV). I tillegg til redaktørarbeidet skreiv han sjølv mange av artiklane til verket.

Jansen var styremedlem i Landslaget for Bygde- og Byhistorie 1941-1958, og han hadde vore med å starte opp Norsk Slektshistorisk Forening.

I 1961 utkom det første bandet av Bergen domkapittelsprotokoll (1605-1624), der Einar Jansen hadde skrive føreordet, og hadde teke seg av kontroll og korrektur.

KjelderEndra