Einar Skulason (norrønt: Einarr Skúlason) var en islandsk prest og skald. Han var fødd på slutten av 1000-talet (seinast 1090) og døydde etter 1159. Han er rekna som ein av dei mest framståande norrøne skaldane på 1100-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Norrøne kjelder

endre

Han er omtala i den korte forteljinga «Tåtten om Einar Skulason»[1]. I Heimskringla er han nemnd i «Soga om Magnussønene»[2], i soga om Magnus Blinde[3], i soga om Haraldssønene[4] og i soga om Håkon Herdebrei[5].

Einar Skulason er òg nemnt i andre av dei norrøne sogene, som Flatøyboka, Morkinskinna, Fagrskinna og Knytlingasoga. Han er nemnt i «Tingsagaen» (Þingasaga) som vart nedskriven omkring 1200[Note 1]. Mange av dikta hans er tekne med i Skaldskaparmål[6].

I Skaldatal[7] er han ført opp som skald hjå kongane Sigurd Jorsalfar, Øystein Magnusson, Harald Gille, Magnus Blinde, Sigurd Slembe, Inge Haraldsson, Sigurd Haraldsson, Øystein Haraldsson, den danske kongen Svend Grade (Grathe), den svenske kongen Sverker Kolsson[Note 2] og stormennene Jon (Johan) jarl Sverkersson, Gregorius Dagsson og Eindride unge.

Liv og lagnad

endre

Einar Skulason vaks truleg opp i området ved BorgarfjordIsland. Han høyrde til den slekta som blir kalla «Mýramenn» (Kveldulvsslekta) og truleg var skalden Egil Skallagrimsson ein av forfedrane hans. Han var utdanna som prest og han er oppført i ei islandsk presteliste frå året 1143. Om han fekk presteutdanning på Island eller ein annan stad, er ikkje kjent.

Når han kom til Noreg, er ikkje kjent, men omkring 1114 var han hjå kong Sigurd Jorsalfare. Seinare, etter at kong Sigurd døydde i 1130, var han hos kongane Magnus Blinde, Harald Gille og sønene hans. Han hadde eit nært tilhøve til kong Øystein Haraldsson som gjorde han til sin stallare. Etter at kong Øystein døydde i 1157, var han hos kong Inge Krokrygg. Han var såleis i Noreg under den konfliktfylte borgarkrigstida, men skal likevel ha greidd å ha venskapelege tilhøve til dei norske kongane i denne tida. Han var særs kunnskapsrik, rettvis i si framferd og med eit vinnande vesen. Han hadde uvanleg lett for å dikte og vann seg ry som ein stor skald.

I periodar må han ha budd på Island, og han skal ha vore på vitjing til kongane i Sverige og Danmark, men truleg levde han det meste av livet i Noreg. Det er ikkje kjent når, eller kvar helst han døydde, men det siste diktet som ein kjenner til, gjorde han omkring 1160. Han var då ein gamal mann, kanskje over 70 år.

Skaldskap

endre

Einar Skulason var ein særs produktiv skald, men mange av dikta hans er gått tapt og dei fleste av dei ein kjenner til, finst berre i fragmentarisk form. Det einaste som er fullstendig bevart, er diktet «Geisli»[8], eit lovkvad (dråpa) til ære for Olav den heilage[Note 3]. Det vart gjort etter oppmoding frå kong Øystein Haraldsson og framsagt første gongen i 1153 i Kristkyrkja i Trondheim, der kongane Øystein Haraldsson, Sigurd Munn og Inge Krokrygg var til stades, saman med erkebiskop Jon Birgersson.

Utan om «Geisli», er desse dikta av Einar Skulason kjende:

«Sigurddråpa I»[9] (5 vers) om kong Sigurd Jorsalfare, om jorsalferda.
«Haraldsdråpa I»[10] (2 vers) om kong Harald Gille og krigstoget til Danmark.
«Haraldsdråpa II»[11] (5 vers) om kong Harald Gille.
«Kvede om Haraldssønene»[12] (2 vers) om sønene til Harald Gille.
«Sigurdsdråpa II»[13] (1 vers) om kong Sigurd Jorsalfare.
«Runhenda»[14] (10 vers) (ca 1155) om kong Øystein Haraldsson.
«Øysteinsdråpa»[15] (2 vers) (ca 1158) om kong Øystein Haraldsson, striden mot vikverjene og vesterhavstoget.
«Ingedråpa»[16] (4 vers) om kong Inge Haraldsson Krokrygg, striden ved Holmen grå.
«Elfarviser»[17] (2 vers) (1160) om hovdingen Gregorius Dagsson, om striden ved Elv.
«Lausaviser»[18] (6 vers)
«Økseflokk[19] (10 vers) som handlar om ei kostesam øks.
«Fragment»[20] (18 vers)
«Lausaviser»[21] (15 vers)

Notar

endre
  1. Tingsagaen er ei eiga soge om rettsprosessen omkring 1114, mellom kong Sigurd Jorsalfare og lendmannen Sigurd Ranesson.
  2. Sverker Kolsson: truleg Sverker den eldre, svensk konge i tida 1130-1156
  3. Diktet heiter i grunnen Olavsdråpa, men har fått namnet Geisli (lys-stråle) etter ordbruken eit par av strofene (Gǫfugt ljós boðar geisli).

Referansar

endre
  1. EINARS ÞÁTTUR SKÚLASONAR frå snerpa.is
  2. Soga um Magnus-sønine frå heimskringla.no
  3. Soga um Magnus Blinde frå heimskringla.no
  4. Soga um Inge (Soga om Haraldssønene) heimskringla.no
  5. Soga um Haakon Herdebreid frå heimskringla.no
  6. Skaldskaparmål Snorre Edda, frå heimskringla.no
  7. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  8. Geisli frå Skaldic Project (71 vers - òg kalla «Olavsdråpa»)
  9. Sigurðardrápa I frå Skaldic Project
  10. Haraldsdrápa I frå Skaldic Project
  11. Haraldsdrápa II frå Skaldic Project
  12. Haraldssonakvæði frå Skaldic Project
  13. Sigurðardrápa II frå Skaldic Project
  14. Runhenda frå Skaldic Project
  15. Eysteinsdrápa frå Skaldic Project
  16. Ingadrápa frå Skaldic Project
  17. Elfarvísur frå Skaldic Project
  18. Lausavísur frå Skaldic Project
  19. Øxarflokkr frå Skaldic Project
  20. Fragment frå Skaldic Project
  21. Lausavísur frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff

endre