Opna hovudmenyen

Eldar Rønning (fødd 11. juni 1982) er ein norsk langrennsløpar som representerer Skogn idrettslag i Levanger. Han vann VM-sølv på 15 km i 2011 og VM-bronse i sprintøvinga i 2007, dessutan vart han verdsmeister i stafett for Noreg både i 2007, 2009 og 2011. Rønning vart noregsmeister på 15 km i 2011. I tida 2005 til 2012 har han vunne sju renn i verdscupen i langrenn.

Eldar Rønning
Eldar Roenning at Tour de Ski.jpg
Fødd 11. juni 1982
Levanger
Yrke langrennsløpar
Eldar Rønning på Commons

AktivEndra

Rønning slo gjennom i 2005, då han kom på pallen i tre verdscuprenn i sprint, mellom desse ein siger i Reit im Winkl. Samanlagt vart han nummer to i kampen om sprintpokalen i verdscupen, berre slått av landsmannen Tor Arne Hetland. Han representerte Noreg i sprintøvinga under VM i Oberstdorf, der han enda på ellevteplassen.

Han innleia 2006/07-sesongen med siger i opningsrennet i verdscupen, sprintrennet i Düsseldorf. Dagen etter og på same staden kom Rønning på andreplass i sprintstafetten, saman med Øystein Pettersen. I november 2006 vann han sitt fyrste eigentlege langrenn i verdscupen; 15 km i klassisk stil i finske Kuusamo. Under verdsmeisterskapen i Sapporo i 2007 spurta Rønning inn til bronsemedalje på sprinten, og gjekk opningsetappen for det norske gullaget på 4x10 km stafett. Samanlagt kom han på tredjeplassen i verdscupen i 2007-sesongen. I 2008-sesongen vann Rønning ein verdscupsiger; sprinttevlinga i Otepää. Han kom på sjuandeplass i verdscupen i sprint og på 13. plass totalt i verdscupen.

Rønning forlet det norske sprintlandslaget ved sesongslutt våren 2008. Han satsa i staden på reint langrenn. I Ski-VM 2009 i tsjekkiske Liberec opna han for det norske stafettlaget på 4x10 km, og saman med Odd-Bjørn Hjelmeset, Tore Ruud Hofstad og Petter Northug forsvara han VM-tittelen for Noreg, som vann føre Tyskland.

I 2011 gjekk Rønning inn til sin fyrste verdscupsiger på tre år då han vann 15 km i klassisk stil i Otepää. Under noregsmeisterskapen på ski i 2011 vart Rønning noregsmeister då han vann 15 km framom Martin Sundby og Thomas Alsgaard. I verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen tok Rønning sølvmedaljen på 15 km. Han var i mål 13,3 sekunder etter den finske gullvinnaren Matti Heikkinen. Rønning tok så gull på stafetten etter å ha gått ein sterk andreetappe, der han tok inn 22 sekundar på Sveriges løpar på etappen, Johan Olsson.

Rønning spurta i mars 2012 inn til siger på femmila i Holmenkollen.

VerdscupsigrarEndra

Nr. Dato Stad Øving
1. 2005-02-1313. februar 2005   Tyskland Reit im Winkl Sprint
2. 2006-10-2828. oktober 2006   Tyskland Düsseldorf Sprint
3. 2006-11-2626. november 2006   Finland Kuusamo 15 km klassisk
4. 2006-12-1313. desember 2006   Italia Cogne 15 km klassisk
5. 2008-02-1010. februar 2008   Estland Otepää Sprint
6. 2011-01-2222. januar 2011   Estland Otepää 15 km klassisk
7. 2012-03-1010. mars 2012   Noreg Oslo 50 km klassisk

BakgrunnsstoffEndra

  • (en) Eldar Rønning – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Eldar Rønning – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.