The Electric Light Orchestra av Electric Light Orchestra
The Electric Light Orchestra Studioalbum av Electric Light Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1971 | |
Innspelt | Juli 1970 – juni 1971 | |
Sjanger | Kunstrock, symfonisk rock, cellorock, barokk rock, progressiv rock | |
Lengd | 41:30 | |
Selskap | Harvest (UK) United Artists (US) | |
Produsent | Roy Wood, Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
The Electric Light Orchestra | ELO 2 (1973) | |
Singlar frå The Electric Light Orchestra | ||
|
The Electric Light Orchestra er debutalbumet til det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i desember 1971. I USA vart albumet gjeve ut tidleg i 1972 som No Answer. Dette namnet kom til då sekretæren til United Artists Records ringde til ELO for å spørje om kva namnet på albumet skulle vere.[1] Sekretæren fekk ikkje svar og skreiv på ein lapp «no answer» (ingen svar) og dette vart mistolka som namnet på albumet.
Innspelinga
endreAlbumet vart spelt inn av ein kjerne på tre med Roy Wood, Jeff Lynne og Bev Bevan, som var dei attverande medlemmane i rockegruppa The Move. The Move gav samstundes ut singlar i Storbritannia, medan dette prosjektet var i gang, men interessa for det tidlegare bandet til Wood forsvann raskt. Samanlikna med seinare ELO-plater er stilen på dette albumet unikt. Det er nytta mange blåseinstrument og gitarane er ofte erstatta av tunge, «sagande» celloriff, som gjev albumet ei eksperimentell «Baroque-and-roll»-kjensle. «The Battle of Marston Moor» er det mest barokk-influerte sporet på albumet. På dette sporet spelar Roy Wood i røynda alle instrumenta, inkludert perkusjon, fordi den faste trommeslagaren i gruppa, Bev Bevan, syns stykket var så dårleg at han nekta å spele på det.
Utgjeving
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Robert Christgau | B−[3] |
«Queen of the Hours», som vart ei B-side til «Roll Over Beethoven» frå det andre albumet til ELO, var den første ELO-songen som vart publisert, då han vart gjeven ut av Harvest Records i november 1971 på ei samling kalla The Harvest Bag med forskjellige andre artistar på Harvest.[4]
Det opphavlege plateomslaget vart designa av Hipgnosis og fotografia av bandet på baksida av omslaget, kledd i 1600-talskostyme, vart teken i Banqueting House i Whitehall, og var med på å legge vekt på den barokke stilen på plata. «Mr. Radio» var meint å vere den andre singelen frå albumet, men vart trekt attende. Den redigerte singelversjonen kom ut i 2005 på samlealbumet Harvest Showdown.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «10538 Overture» | Jeff Lynne | 5:32 |
2. | «Look at Me Now» | Roy Wood | 3:17 |
3. | «Nellie Takes Her Bow» | Lynne | 5:59 |
4. | «The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)» | Wood | 6:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «First Movement (Jumping Biz)» | Wood | 3:00 |
6. | «Mr. Radio» | Lynne | 5:04 |
7. | «Manhattan Rumble (49th Street Massacre)» | Lynne | 4:22 |
8. | «Queen of the Hours» | Lynne | 3:22 |
9. | «Whisper in the Night» | Wood | 4:50 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Battle of Marston Moor» (Alternate take) | 1:00 |
11. | «Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix) | 6:02 |
12. | «Mr. Radio» (Take 9) | 5:19 |
13. | «10538 Overture» | 5:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «10538 Overture» (Acetate Version) | 5:23 |
11. | «Mr. Radio» (Take 9 frå 18 November 1970) | 5:18 |
12. | «Nellie Takes Her Bow» (Alternate Mix) | 6:02 |
13. | «Whisper in the Night» (Take 1/Take 2 Edit) | 4:59 |
14. | «Mr. Radio» (Single Edit) | 3:56 |
15. | «10538 Overture» (For Top of the Pops) | 4:42 |
The Electric Light Orchestra (First Light Series)
endreThe Electric Light Orchestra (First Light Series) Studioalbum av Electric Light Orchestra | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | (First Light Series) 30th Anniversary Edition 2001 | |
Innspelt | Juli 1970 – juni 1972 | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock, symfonisk rock, barokk rock | |
Lengd | 2 490 sekund | |
Selskap | Harvest, EMI | |
Produsent | Roy Wood, Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
Zoom (2001) |
The Electric Light Orchestra (First Light Series) |
ELO 2 (First Light Series) (2003)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Artistdirect.com | [5] |
The Electric Light Orchestra (First Light Series) er ei dobbelplateutgåve gjeve ut i høve 30-årsjubileumet til plata.
Det kom ut i 2001 i Storbritannia. Disk ein inneheld den originale plata i tillegg til bonusspor og ein interaktiv CD-ROM. Disk to inneheld dei eldste konsertopptaka med ELO i lag med Roy Wood og cellisten Andy Craig.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «10538 Overture» | 5:32 |
2. | «Look at Me Now» | 3:17 |
3. | «Nellie Takes Her Bow» | 5:59 |
4. | «The Battle of Marston Moor (July 2nd 1644)» | 6:03 |
5. | «First Movement (Jumping Biz)» | 3:00 |
6. | «Mr. Radio» | 5:04 |
7. | «Manhattan Rumble (49th Street Massacre)» | 4:22 |
8. | «Queen of the Hours» | 3:22 |
9. | «Whisper in the Night» | 4:50 |
10. | «Battle of Marston Moor (Take 1)» | 1:00 |
11. | «10538 Overture (Take 1)» | 5:46 |
12. | «Multimedia del med interaktiv meny som førte til promofilmen 10538 Overture (mai 1972)» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Brian Matthew Introduces ELO» | 0:37 |
2. | «10538 Overture» (Acetate version) | 5:24 |
3. | «Look at Me Now» (Quad mix) | 3:19 |
4. | «Nellie Takes Her Bow» (Quad mix) | 5:59 |
5. | «Battle of Marston Moor (July 2nd, 1644)» (Quad mix) | 5:55 |
6. | «Jeff's Boogie No 2 )» (Live) | 6:58 |
7. | «Whisper in the Night» (Live) | 5:45 |
8. | «Great Balls of Fire» (Live) | 5:40 |
9. | «Queen of the Hours» (Quad mix) | 3:18 |
10. | «Mr. Radio» (Take 9) | 5:18 |
11. | «10538 Overture» (BBC Session / (Skjult spor) Whisper in the Night (Take 1)) | 4:38 |
Medverkande
endre- Jeff Lynne – vokal, piano, elektrisk gitar, akustisk gitar, perkusjon, bass, Moog synthesizer
- Roy Wood – vokal, cello, akustisk gitar, bass, kontrabass, obo, fagott, klarinett, blokkfløyter, slidegitar, perkusjon, bassklarinett, krumhorn
- Bev Bevan – trommer, pauker, perkusjon
- Bill Hunt – valthorn, jakthorn, piccolotrompet
- Steve Woolam – fiolin
- Andre medverkande
- Rick Price – bass på somme originale spor (fjerna og spelt inn på ny av Wood og Lynne)
- Richard Tandy – bass, klaverinstrument
- Wilfred Gibson – fiolin
- Hugh McDowell – cello
- Mike Edwards – cello
- Andy Craig – cello
Lister
endre- UK – 32. plass UK Album Chart[6]
- US – 196. plass Billboard 200[7]
- AUS – 54. plass ARIA Album Chart
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Electric Light Orchestra (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Snopes.com
- ↑ Mason, Stewart. «The Electric Light Orchestra – Electric Light Orchestra : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic.
- ↑ «CG: Electric Light Orchestra». Robert Christgau.
- ↑ Porter, Robert (September 2010). «Electric Light Orchestra – Roll Over Beethoven; An In-Depth Song Analysis». Henta 12. februar 2015.
- ↑ «Electric Light Orchestra Limited Edition by Electric Light Orchestra @ ARTISTdirect.com – Shop, Listen, Download». Artistdirect.com.
- ↑ «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12 March 2013.
- ↑ «The Electric Light Orchestra – Electric Light Orchestra : Awards». AllMusic. Henta 12 March 2013.