Eli Rygg
- Må ikkje forvekslast med Eli Ryg.
Eli Rygg (fødd 22. september 1955 på Veblungsnes i Rauma kommune) er ein norsk barnepleiar, forfattar, songar og underhaldar. Ho vart landskjend som programleiar i barne-TV-programmet Portveien 2, saman med Jarl Goli og (seinare) Terje Strømdahl. Programma vart sende på NRK på 1980-talet. Sidan har ho arbeidd mellom anna med frokost-TV og barneradio, vore omreisande eventyrfortellar og medverka på ei rekke barneplater.
Eli Rygg | |
![]() Eli Rygg underheld barn på Stena Saga påska 2009 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1955 (68 år)![]() |
Yrke | Barnepleiar, forfattar, songar og programleiar |
Språk | norsk |
Liv og virke Endra
Eli Rygg er fødd og voks opp på Veblungsnes, ikkje langt frå Åndalsnes, i Møre og Romsdal. Som 12-åring flytta ho med familien til Levanger. Ho gjekk på folkehøgskole i Skogn og på Inderøy. Ho vart tenåringsmor til ei dotter i 1973, og studerte barnepleie på Skatval og arbeidde deretter på Stjørdal. Ho bur i dag på Son og har tre barn, to jenter og ein gut. Hennar bakgrunn har ført til at ho er særleg opptatt av barnevern og at ho har skrive barnebøker.
Eli Rygg debuterte som barnebokforfattar i 1998.
Radio og TV Endra
I 1985 flytta ho til Oslo for å vere med på Portveien 2 på Barne-TV på NRK.[1] Ho har seinare vore med i Teodors julekalender og Frokost-TV på NRK1,[2] Barn ingen hindring på NRK2 og radioprogrammet Revehiet på P4 Radio Hele Norge.[3]
Forfattar Endra
Ho har skrive fleire barnebøker[5] og har lese opp eventyr med stønad frå Rikskonsertane.[2] Ho har skrive barnebøkene Hvor gammel blir en bølge? frå 2001, som handlar om sorg og om å døy ung, og Jeg sa ikke kom inn frå 2005 som er ei bok om seksuelle overgrep mot barn. Ho har dessutan vore spaltist i A-pressen si barneside «Barnekroken» i fleire år. Spalta har blitt trykt i 27 aviser.
Referansar Endra
- ↑ Nergård, Halldis (4 February 2006). «Langt fra Portveien». Adresseavisen (på Norwegian).
- ↑ 2,0 2,1 «50 år 22. september: Eli Rygg» (på Norwegian). Norwegian News Agency. 30 August 2005.
- ↑ «Eli hønemor» (på Norwegian). Norwegian News Agency. 16 September 1999.
- ↑ «Frøya med Årets TV-navn for femte gang». Hitra-Frøya (på Norwegian). 22 December 2009. s. 13.
- ↑ List of publications Arkivert 2012-02-29 ved Wayback Machine. in BIBSYS
Bibliografi i utval Endra
- 2007: Koppen med skår i - En bok om skilsmisse, Gyldendal. ISBN 978-82-05-37449-2
- 2005: Jeg sa ikke kom inn, Gyldendal. ISBN 978-82-05-34582-9
- 2001: Hvor gammel blir en bølge?