Elisabeth Hoff (fødd 1958) er ein norsk sjukepleiar som var leiar for Verdshelseorganisasjonens hjelpearbeid i Syria 2012–19.[1] I 2019 flytta ho virket sitt til Libya.[2]

Elisabeth Hoff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1958 (66 år)
Ålesund kommune
Yrke sjukepleiar, bistandsarbeider

Hoff vart fødd i Ålesund og utdanna sjukepleiar. Ho jobba ved Ullevål sjukehus i Oslo der ho vidareutdanna seg til jordmor.[3] Sidan tok ho fleire mastergradar, ein i pedagogikk ved Universitetet i Trondheim i 1988, og ein i Community Health (samfunnsmedisin) ved University of California, San Francisco frå 1991. Ho har òg ei grad i International Relations/Conflict Resolution frå Harvard Law School i USA frå 1996.[1]

Hennar første stasjonering var for Palestinakomiteen i Kairo i 1987.[4][5] Så jobba ho for internasjonale hjelpeorganisasjonar i land som Egypt, Zimbabwe, Afghanistan, Somalia, Rwanda og Armenia.[3] For Verdshelseorganisasjonen var ho rådgjevar for familierådgiving i Regional Office for Africa (AFRO). Så var ho representant for organisasjonen i Armenia. Ho har òg vore Chief of Operations for Unitaid og for The Global Fund to Fight AIDS, Tuberculosis and Malaria.

Då ho var WHO sin lokale representant i Syria 2012–19 bygde ho, ifølgje eit intervju med Hanne Skartveit, opp eit hjelpeapparat frå sju til over to hundre medarbeidarar.[6] Det vart i juli 2019 kjent at ho blei WHO sin nye representant i Libya.[7]

Ho vart i 2018 tildelt Gunnar Sønstebys minnefond. Prispengane gav ho til eit humanitært prosjekt ho driv i Syria.[3] Seinare i 2018 vart ho Årets Peer Gynt[8] og ho mottok Erik Byes Minnepris for 2017.[9]

I 2019 utkom det ein biografi om henne.

Hoff vart i 2021 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden for ypperleg innsats for menneskja.[10]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Syrian Arab Republic, WHO Representative Elizabeth Hoff frå who.int, sist lesen 10. juli 2019.
  2. Innslag fra NRK Møre og Romsdal den 9. juni 2019.
  3. 3,0 3,1 3,2 Jordmor Elizabeth Hoff får Gunnar Sønstebys pris fra Sykepleien den 11. januar 2018
  4. Elizabeth Hoff har i mange år jobbet midt i krigsmarerittet i Syria. Her forteller hun om lidelser, om redsel og håp – og om sin sterke gudstro i VG den 27. desember 2018.
  5. Torp, intervju med Ole Torp på NRK i 2016.
  6. Hanne Skartveit, Engelen i helvetes forgård, podcast og intervju publisert i VG den 18. august 2018.
  7. Elizabeth Hoff: Seven years of tireless work in war-torn Syria fra www.emro.who.int, lest den 20. juli 2019.
  8. Elizabeth Hoff får Peer Gynt-prisen i Sunnmørsposten den 6. april 2018.
  9. Jordmor Elizabeth Hoff får Erik Byes minnepris i Sykepleien den 25. juni 2018
  10. «Utnevnelse til St. Olavs Orden» (på norsk). Henta 17. august 2021. 

Litteratur endre