Ellingsrud med Ellingsrudåsen er ein drabantby i bydel Alna i Groruddalen i Oslo, i nærleiken av kommune- og fylkesgrensa mellom Oslo og Lørenskog kommune i Akershus fylke, og med skogs- og turområdet Østmarka i nærleiken. Europavegen E6 går som ein firefelts motorveg tvers gjennom området, og T-banelina Furusetbanen har sin endestasjon, Ellingsrudåsen, inne i åsen, med heis opp på åsen til torget på Elllingsrud senter, supplert med ein lang gangtunnel som òg fungerar som naudutgang, og som ender i nærleiken av området som har fått namnet Ellingsrudjordet.

Skansen terrasse på Ellingsrudåsen.
Ellingsrudåsen T-banestasjon.

Bustadområda Ellingsrud Øst, Ellingsrud Vest og Ellingsrudflaten (Munkebekken) vart skilt ut frå garden Ellingsrud, gnr 109 bnr 1, som var ein gamal rydningsgard, slik det framgår av namneendinga -rud. Utbygginga av Ellingsrud tok til i byrjinga av 1970-åra som en del av den store Furuset-planen i Oslo, med bustadblokkene på Ellingsrud Øst (Karihaugen) som dei fyrste. Frå om lag 1980 vart Ellingsrud Vest bygd ut med blokker, terrasseblokker og rekkjehus, mellom anna burettslaga Frydenlund og Skansen, bustadsameiga i Edvard Munchs vei og burettslaga på Fjeldstad. Dei tre burettslaga og bustadsameiget på Munkebekken vart bygd ut seinare og innflytta frå slutten av 1983, og på eit enda seinare tidspunkt kom det nedanfor burettslaget Frydenlund eit kompleks med rekkjehus, Bakås Sameie.

Bakås skanse på Ellingsrud endre

 
Leivningar etter den søre skansen på Bakåsen på Ellingsrud.

På Ellingsrud ligg restane etter Bakås skanse (òg kalla Bakåsen skanse, skansane ved Bakåsen, skansane ved Bakåspasset og anna), som var delar av eit forsvarsverk som vart bygd kring hovudstaden Christiania (Oslo) på 1700-talet. Skansane på Ellingsrud låg strategisk til ved hovudinnfartsåra til byen frå Nedre Romerike, og såleis òg for trafikken frå svensk område. Ved Bakås skanse var det i kamp i 1716, då svenskekongen Karl XII gjekk til åtak på Christiania under det fyrste Noregsfelttoget under Den store nordiske krigen. Svenskane måtte dra seg attende, og gjekk seinare ein annan veg mot Christiania, inntok byen, men greidde ikkje å take seg inn på Akershus festning.