Elliott Randall
Elliott Randall (fødd i 1947) er ein amerikansk gitarist, mest kjen som studiomusikar for mange populære artistar. Randall spelte kjende gitarsoloar på Steely Dan-songen «Reelin' in the Years» og Irene Cara-songen «Fame». Det er blitt sagt at Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page har omtalt soloen til Randall på «Reelin' in the Years» som hans favorittgitarsolo gjennom tidene.[1] Soloen vart rangert den 40. beste gjennom tidene av lesarane til musikkmagasinet Guitar World[2] og den åttande beste av Q4 Music.[3]
Elliott Randall | |||
Elliott Randall i 1970 | |||
Fødd | 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | Gitarist, studiomusikar |
Tidleg i karrieren spelte Randall noko for The Capris og The Ronnettes. Etter å ha spelt på debutalbumet til Steely Dan, byrja han å bli etterspurt som gitarist. Han avslo å bli medlem av Steely Dan og seinare musikalsk leiar i The Blues Brothers og medlem i Toto.
Som studiomusikar spelte Randall med artistar som The Doobie Brothers, Tom Rush, Elkie Brooks, Carly Simon, Carl Wilson, Peter Wolf, Peter Frampton, James Galway, Rochester Philharmonic Orchestra og The American Symphony Orchestra, blant mange andre.[4]
Diskografi
endreSom deltakar
endre- Can't Buy a Thrill - 1972 – Steely Dan
- Satan – Sonny Stitt - Cadet, 1974
- Katy Lied - 1975 – Steely Dan
- Royal Scam - 1976 – Steely Dan
- Gene Simmons - 1978 – Gene Simmons
- Peter Criss - 1978 – Peter Criss
- Live and Sleazy - 1979 – Village People
- Connections - 1980 – Richie Havens
- It's Alright - I See Rainbows - 1982 – Yoko Ono
- Hello Big Man - 1983 – Carly Simon
- Milk and Honey - 1984 – John Lennon
- The Animals' Christmas - 1986 – Art Garfunkel & Amy Grant
- Electric Landlady - 1991 – Kirsty MacColl
- Walking on Thin Ice - 1992 – Yoko Ono
- Walk the Dog and Light the Light - 1993 – Laura Nyro
- Arena - 1996 – Asia
- Spirit of Christmas - 2009 – Northern Light Orchestra
- Left, - 2016 - Monkey House
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elliot Randall» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1][daud lenkje]
- ↑ «The 100 Best Guitar Solos of All Time». Guitar.about.com. Henta 9. juli 2017.
- ↑ «Q Magazine | Music news & reviews, music videos, band pictures & interviewsQ Magazine». News.q4music.com. Arkivert frå originalen 27. juni 2009. Henta 9. juli 2017.
- ↑ [2] Arkivert May 10, 2004, ved Wayback Machine.