En gång i Stockholm

«En gång i Stockholm»
Song av Monica Zetterlund
Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1963
Sjanger Jazz, slager
Lengd 03:48
Selskap Philips
Komponist Bobbie Ericson, Beppe Wolgers
Låtskrivar(ar) Bobbie Ericson, Beppe Wolgers

«En gång i Stockholm» er ein svensk jazz- og slagersong frå 1963, skriven av Bobbie Ericson og Beppe Wolgers. Songen vart framført av Monica Zetterlund, ein av dei fremste jazzsongarane i Skandinavia i 1960-åra. Songen vann svenske Melodifestivalen i 1963 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år. Der enda songen sist utan poeng, saman med Noreg, Finland og Nederland. Dette er framleis einaste gongen Sverige har fått null poeng i Eurovision Song Contest.[1]

Eurovision Song Contest endre

«En gång i Stockholm» var blant bidraga som deltok i svenske Melodifestivalen i 1963, og den vart framført av Monica Zetterlund med lite orkester og Carli Tornehave med stort orkester. Songen vann Melodifestivalen og vart det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 1963 i London.

Zetterlund fekk jobben med å representere Sverige i London. Den austerrikske delegasjonen varsla på førehand at dei kom til å syngje delar av sitt bidrag på engelsk, noko som fekk fleire artistar – blant dei Monica Zetterlund – til å protestere.[2][3] På denne tida var det ingen reglar som kravde at artistane måtte syngje på sitt morsmål. Ei stund vurderte den svenske delegasjonen om Zetterlund skulle syngje den engelske versjonen av «En gång i Stockholm», kalla «Winter City», men valde til slutt å gå for den svenske versjonen.[4][5] Då Sverige var tilbake i tevlinga to år seinare, sang Sverige sitt bidrag på engelsk – noko som førte til at EBU innførte ein språkregel frå og med 1966.[6]

«En gång i Stockholm» måtte også kortast ned med 48 sekund for å innfri kravet om at songane ikkje måtte overstige tre minutt. William Lind dirigerte bidraget under tevlinga i London.

Tevlinga vart ein fiasko for Sverige. «En gång i Stockholm» fekk ikkje eitt einaste poeng og enda på firedelt sisteplass saman med Finland, Nederland – og Noreg, som var representert av Anita Thallaug og «Solhverv».[7] Dette er framleis einaste gongen at Sverige har vorte ståande utan poeng i Eurovision Song Contest. Etter tevlinga konstaterte Monica Zetterlund at Eurovision Song Contest neppe var det riktige forumet for ein roleg jazzballade på svensk.[8][9]

Teksta endre

Teksta handlar om eit forelska par som tek seg ein segltur gjennom eit vinterleg Stockholm. Beppe Wolgers, som skreiv teksta, fortalde at han vart inspirert av teaterregissøren Per Edström. Ifølgje Wolgers pleidde Edström å «komma in mitt i vintern och säga att han varit ute och seglat».[10]

Listeplasseringar endre

Ein instrumental versjon med Arne Domnérus låg på Svensktoppen i fem veker frå 14. mars til 12. mai 1963, med ein andreplass som høgaste plassering.[11]

Andre innspelingar endre

Anne-Lie Rydé spela inn låten på coveralbumet Stulna kyssar i 1992.[12]

Referansar endre

  1. «Sweden - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 23. april 2018. 
  2. «Vielleicht geschieht ein Wunder - lyrics - Diggiloo Thrush». www.diggiloo.net (på engelsk). Henta 23. april 2018. 
  3. JoaoVelada (29. november 2009). «ESC 1963 04 - Austria - Carmela Corren - Vielleicht Geschieht Ein Wunder». Henta 23. april 2018. 
  4. «1963: Monica Zetterlund - En gång i Stockholm». SvD.se (på svensk). Henta 23. april 2018. 
  5. «MONICA ZETTERLUND». app.tt.se. Henta 23. april 2018. 
  6. «Naples 1965 - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 23. april 2018. 
  7. «London 1963 - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 23. april 2018. 
  8. «Stackarna som fick noll poäng i Eurovision». Aftonbladet (på svensk). Henta 23. april 2018. 
  9. Nyheter, SVT (7. mars 2015). «Hård kritik mot Melodifestivalens mellanakter». SVT Nyheter (på svensk). Henta 23. april 2018. 
  10. Gustafson, Klas (2003). Beppe – biografin. Bonnier. ISBN 91-0-057769-3. 
  11. Sveriges Radio (1963). «Svensktoppen 1963». Sveriges Radio. Henta 23. april 2018. 
  12. «Stulna kyssar | Svensk mediedatabas (SMDB)». smdb.kb.se (på svensk). Henta 23. april 2018.