Erfreute Zeit im neuen Bunde
Erfreute Zeit im neuen Bunde, BWV 83, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 83 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1724 | ||
Urframføring | 2. februar 1724 2. februar 1724 | ||
Publiseringsdato | 1872 | ||
Typisk lengd | 17:36 | ||
Satsar/akter | seks |
Han vart komponert i Leipzig i 1724 for kyndelsmesse den 2. februar.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 2: 29-31 (andre sats) og Martin Luther (femte sats), medan resten har ukjend opphavsmann.
Koraltemaet er basert på «Das Nunc dimittis», ein gammal liturgisk song, og salmen «Mit Fried und Freud ich fahr dahin» av Martin Luther (1545).
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to valthorn, to oboar, solo fiolin, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Erfreute Zeit im neuen Bunde», Arie for alt
- «Herr, nun lässest du deinen Diener in Frieden fahren», messande framføring - «Was uns als Menschen schrecklich scheint», Resitativ for bass
- «Eile, Herz, voll Freudigkeit», Arie for tenor
- «Ja, merkt dein Glaube noch viel Finsternis», Resitativ for alt
- «Er ist das Heil und selig Licht», Koral
Kjelder
endre- «Erfreute Zeit im neuen Bunde». Bach Cantatas. Henta 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 83[daud lenkje] på bach-cantatas.com