Erwünschtes Freudenlicht

Erwünschtes Freudenlicht, BWV 184, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Erwünschtes Freudenlicht
BWV 184
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring30. mai 1724
Publiseringsdato1891
Typisk lengd22:48
Satsar/akter6

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for tredje pinsedag.

Teksten er skriven av Anarg von Wildenfels (femte sats), samt ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «O Herre Gott, dein göttlich(s) Wort». Koralmelodien dukka først opp som ein kyrkjeleg utgåve av ei folkevise frå 1400-talet kalla «Weiß mir ein Blümlein blaue» i ei samling av kyrkjeleg songar Enchyridion geistlicher gesenge vnd psalmen fur die leyen, trykt i Wittenberg i 1526. Den same folkevisa danna grunnlaget for ei anna salme, «Nun lob, mein Seel, den Herren».

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to tverrfløyter, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, tenor) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Erwunschtes Freudenlicht», Resitativ for tenor
  2. «Gesegnete Christen, gluckselige Herde», Arie for sopran
  3. «So freuet euch, ihr auserwahlten Seelen!», Resitativ for tenor
  4. «Gluck und Segen sind bereit», Arie for tenor
  5. «Herr, ich hoff' je, du werdest die in keiner Not verlassen», Koral
  6. «Guter Hirte, Trost der Deinen», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre