Es erhub sich ein Streit
Es erhub sich ein Streit, BWV 19, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 19 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1726 | ||
Urframføring | 29. september 1726 | ||
Publiseringsdato | 1852 | ||
Typisk lengd | 19:43 | ||
Tekst av | Christian Friedrich Henrici (vers 1-6), Christoph Demantius (vers 7) |
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for mikkjelsmesse, som er kvart år den 29. september, datoen då verket først vart framført.
Teksten til kantaten vart skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander)[1], med unntak av vers 7, som vart skriven av Christoph Demantius.
Koraltemaet er Freu dich sehr, o meine Seele, som vart nedskriven av Louis Bourgeois då han sette opp Salme 42 i samlinga si Pseaumes octante trios de David (Geneve, 1551). Bourgeois ser ut til å ha vore påverka av den verdslege songen Ne l’oseray je dire i Manuscrit de Bayeux frå kring 1510.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for trompet I/II/III, pauke, oboar I//II, obo da caccia, oboar d'amore I/II, fiolinar I/II , bratsj og basso continuo, tre songsolistar (sopran, tenor og bass) og firedelt kor. Det består av sju satsar:
- (Coro): «Es erhub sich ein Streit» for kor, trompet I-III, tamburi, fiolin I & obo I i samklang, fiolin II & obo II i samklang, bratsj og continuo.
- Recitativo: «Gottlob! der Drache liegt» for bass og continuo.
- Arie: «Gott schickt uns Mahanaim zu» for sopran, oboar d'amore og continuo
- Recitativo: «Was ist der schnöde Mensch, das Erdenkind?» for tenor, strykarar og continuo.
- Arie & Koral: «Bleibt, ihr Engel, bleibt bei mir!» for tenor, trompet, strykarar og continuo.
- Recitativo: «Laßt uns das Angesicht» for bass og continuo.
- Koral: «Laß dein' Engel mit mir fahren» for kor, trompet I-III, tamburi, fiolin I & obo I col Sopran, fiolin II & obo II coll'Alt, bratsj col Tenore og continuo.
Tekst
endre
1. (Coro)
|
2. Recitativo (bass) |
3. Arie (sopran) |
4. Recitativo (tenor) |
5. Arie & koral (tenor)
|
6. Recitativo (bass) |
7. Koral |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Es erhub sich ein Streit, BWV 19» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 19 Arkivert 2008-06-06 ved Wayback Machine., Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Text og orchestration for BWV 19, Bach-kantater, University of Alberta.
- ↑ C. S. Terry og D. Litti, Bach's Cantata Libretti, Journal of the Royal Musical Association 1917 44(1):71-125; doi:10.1093/jrma/44.1.71
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 19 på bach-cantatas.com
- Kommentarar om verket på bach-cantatas.com