Eurystomus

fugleslekt
Eurystomus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Råkefamilien Coraciidae
Slekt: Eurystomus
Vieillot, 1816

Eurystomus er ei biologisk slekt med fire artar i råkefamilien, Coraciidae, som lever i Afrika sør for Sahara, sørlege Asia og austlege Australia. Namnet betyr 'brei munn', frå gresk eurus (εὐρύς, «brei, vid») og stomi (στόμα, «munn»).[1]

Dette er solid bygde fuglar med kroppslengd i området 25-35 centimeter, kraftig, breitt, gult til orange nebb, mørk delvis iriserande fjørdrakt. Dei et animalsk føde, for det meste lever dei av insekt, men kan òg ta små virveldyr. Dei to afrikanske artane kan ete frukt.

Artane i slekta Eurystomus skil seg frå den andre slekta i råkefamilien, Coracias, ved å ha proporsjonalt lengre venger og kortare bein. Desse morfologiske forskjellane blir spegla i forskjellar i måten dei fangar føda. Coracias-råker sit på ei grein og tek byttedyr ved å sveipe ned og plukke frå bakken bakken, medan dei raskare og smidigare Eurystomus-råkane fangar bytte sitt i flukt. Generelt søkjer dei føda i ope land, innanfor skog, savanne og jordbruksland. Molukkråke og breinebbråke er begge assosierte med regnskogar, men krev likevel opne område for å finne føda.

Breinebbråkar som hekkar på Madagaskar trekker til fastlandet etter hekketida. Orientråkar som hekkar lengst sør og lengst nord i utbreiingsområdet, trekker mot Malayarkipelet. Elles er denne gruppa karakterisert som standfuglar.

Artsliste endre

Eurystomus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[2] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[3]

  • Blåstruperåke, Eurystomus gularis, Blue-throated roller, Vieillot, 1819, (LC)
Afrikansk art, regnskog frå Guinea i vest til Uganda i aust, raudbrun fjørdrakt med lys blå strupeflekk
  • Breinebbråke, Eurystomus glaucurus, Broad-billed roller, (Müller, PLS, 1776), (LC)
Vid utbreiing i Afrika sør for Sahara med Madagaskar, kanelraud fjørdrakt
  • Orientråke, Eurystomus orientalis, Oriental dollarbird, (Linné, 1766), (LC)
Hekkar frå Primorskij kraj i søraustre Russland til sørlegaste Australia i sør, mørk grøn fjørdrakt
  • Molukkråke, Eurystomus azureus, Azure dollarbird, Gray, GR, 1861, (NT)
Endemisk til nordlege Malukkane i Indonesia, stor råke opptil 35 cm, blå fjørdrakt med asurblå vengflekker

Kjelder endre

Referansar
  1. William Somerville Orr (1855). Orr's circle of the sciences: a series of treatises on the principles of science, with their application to practical pursuits. W.S. Orr & Company. s. 517. 
  2. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (januar 2024). «IOC World Bird List Version 14.1, Master lists». International Ornithologists' Union. Henta 27. mars 2024. 
  3. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 27. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre